Fotland innstilt som ny rådmann i Os
Noverande administrerande direktør ved Høgskulen i Bergen, Christian Fotland, er innstilt til jobben som ny rådmann i Os.
Tilsetjingsutvalet, som i samarbeid med Headvisor har stått for arbeidet med rekruttering av ny rådmann i Os kommune, vart i ettermiddag klar med si innstilling, og fremjar samrøystes innstilling på at Christian Fotland (49) vert tilsett som rådmann i Os.
Christian Fotland har åtte års rådmannserfaring frå Radøy og Lillehammer, og kjem no frå stillinga som administrerande direktør ved Høgskulen i Bergen. Kandidaten har også relevant leiarerfaring frå skulesektoren, m.a. i Øygarden og Bergen kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Fotland er ein solid kandidat til rådmannsstillinga i Os kommune. Han har relevant utdanning innan administrasjon og leiing, og kan syne til gode resultat som rådmann i Radøy og Lillehammer. Dersom Fotland får stillinga er eg viss på at han vil bli ei positiv drivkraft i vidareutvikla av vekstkommunen Os, seier ordførar i Os kommune, Terje Søviknes
Han her site i tilsetjingsutvalet i lag med varordførar Marie E. Bruarøy, opposisjonsleiar Helge Steinum, hovudtillitsvald Åse Gjerde (Delta) og hovudtillitsvald Jonny Christensen (Fagforbundet).
Rådmannsstillinga har vore lyst ut i regionale og nasjonale media med søknadsfrist 29.november. I tillegg har Headvisor stått for aktivt søk i utlysingsperioden.