– Eg håpar og trur perioden min som ordførar har synt at Høgre er styringsdyktige, seier Bjørnafjorden Høgres ordførarkandidat, Marie Lunde Bruarøy.
– Eg håpar og trur perioden min som ordførar har synt at Høgre er styringsdyktige, seier Bjørnafjorden Høgres ordførarkandidat, Marie Lunde Bruarøy.

Tilbakeblikk og frampeik til haustens val: Offensiv Marie vil tilbake i ordførarstolen

Eitt av Bjørnafjorden Høgres hovudmål i haustens kommuneval, er å sitja att med ordføraren. «Team Marie» stengjer med andre ord ikkje døra for nokon.

Denne saka stod fyrste gong på trykk i mars.

– Me kjem til å samarbeida med dei som gjev oss mest gjennomslag for politikken vår, seier Marie Lunde Bruarøy (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

I kommunevalet i 2003 stod Bruarøy på lista til Høgre for aller første gang. I 2010 vart ho varaordførar, og på tampen av 2016, då ordførar Terje Søviknes (Frp) takka ja til ein statsrådpost i Oslo, tok ho over den politiske leiinga i kommunen. 37-åringen var ordførar i Os i nesten to år.

– Det var utruleg kjekt. Spennande, lærerikt, krevjande og gøy på ein gong. Eg fekk mykje med meg i ryggsekken i den perioden. Vona er at eg bidrog til eit godt arbeidsmiljø for dei rundt meg. At folk trivast på jobb er utruleg viktig for meg, seier ho.

I juni 2018, kring tre månadar før ho måtte levera ordførarkjedet attende til Søviknes, vart Bruarøy valt til Bjørnafjorden Høgres ordførarkandidat. Varaordføraren legg ikkje skjul på at eit comeback i ordførarstolen fristar. Veldig.

Marie Lunde Bruarøy (H) ser ingen fallgruver med kommunesamanslåinga. – Eg ser berre utfordringar. Utfordringar som kan løysast. Det er det som driv oss framover. Om me er løysingsorienterte, og har ein liten dose humor, går alt bra, seier ho og smilar.
Marie Lunde Bruarøy (H) ser ingen fallgruver med kommunesamanslåinga. – Eg ser berre utfordringar. Utfordringar som kan løysast. Det er det som driv oss framover. Om me er løysingsorienterte, og har ein liten dose humor, går alt bra, seier ho og smilar.

– Eg kjenner meg veldig heime i denne rolla, seier Bruarøy, som fungerer som ferievikar for Søviknes den veka avisa er på besøk.

37-åringen legg til at ho gjerne skulle hatt høve til å fullføra perioden ho var inne i, som ordførar.

– Eg var godt i gang, hadde kontroll på det eg skulle gjera, og følte at eg meistra oppgåva godt. Det var litt keisamt at Terje kom attende, vedgår ho.

Startar med blanke ark

Ved valet i 2015 fekk Høgre 12,2 prosent av røystene i Os (fire mandat) og 15,1 prosent i Fusa (tre mandat). Målet ved haustens val er å passera 20-talet. Ti representantar i kommunestyret, frå Os og Fusa, er eit hårete, men oppnåeleg mål, meiner Marie.

– Eg håpar og trur perioden min som ordførar har synt at Høgre er styringsdyktige, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgre i Os har fem periodar bak seg i samarbeid med Framstegspartiet. I Fusa har Senterpartiet vore ein trufast samarbeidspartnar for partiet i lang tid. Bruarøy er klar på at i 2019, og i Bjørnafjorden kommune, startar ein med blanke ark. Visjonen til Bjørnafjorden Høgre, og «Team Marie», er å sitja att med ordføraren.

– Me tek omsyn til at me skal bli ein ny kommune og kuttar banda til dei samarbeidspartia me har hatt tidlegare, påpeikar ho.

Opne prosessar

Ordførarkandidaten vil ikkje gå nærare inn på kven det kan vera aktuelt for Høgre å samarbeida med.

– Det får tida visa. Eg har eit godt forhold til samtlege parti, og samhandlar godt med alle gruppeleiarane. Klimaet i Os-politikken er bra. Det er ein raus gjeng, seier ho og legg til:

– Det vert eit spennande val. Vona er at eg har vore, og kan bli, ein samlande ordførar. Ein ordførar for alle.

Bruraøy skildrar seg sjølv som generalist. Ho er litt interessert i alt, og synest det er vanskeleg å plukka ut nokre hjartesaker. Av tinga ho brenn litt ekstra for, er opne prosessar.

– Alle avgjerder er best tente med breiast mogleg involvering, meiner ho.

OHARA-sprekk

Bruarøy peikar også på at stabil og nøktern økonomistyring er heilt avgjerande for å klara å halda fram det kvalitetsdrivande arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må ha fokus på basistenestene slik at me ikkje reduserer kvaliteten me har klart å byggja opp, men, tvert i mot, klarer å auka han ytterlegare, seier ho.

– Kva er du mest stolt over å fått til i åra dine i politikken?

– Det systematiske vedlikehaldsarbeidet. Høgre tok i si tid initiativ til å etablera eit vedlikehaldsteam. Det har resultert i at vi no ligg eit hestehovud foran veldig mange andre når det kjem til vedlikehald av kommunale bygg. Mange meiner staten bør ta meir ansvar når det kjem til vedlikehald, men det er ikkje vits å skulda på andre. Dette handlar om prioriteringar. Det er små bevillingar det er snakk om, seier Bruarøy.

– Kva er du ikkje like stolt over?

– Den altfor høge kostnadssprekken på OHARA. Eg synest det er synd at innbyggjarane våre må betala for politikaranes uheldige val. Det skjemmast eg litt over. Me burde kanskje ikkje ha gjeve etter for presset knytt til frykta for lukt, men det er lett å vera etterpåklok, slår H-politikaren fast.

– Betre lokaldemokrati

Knappe tre månadar etter valet, startar ein heilt nye epoke for alle osingar og fusingar. Bruarøy trur nøkkelen til å lukkast med kommunesamanslåinga er å tenkja vi, altså Bjørnafjorden, framføre Os og Fusa.

– Dette må me ta ansvar for alle, understrekar ho.

Andre viktige faktorar, er tillit og tolmod.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må vera budde på å ta nokre keisame avgjerder. Det vert harde prioriteringar når det kjem til økonomi til dømes. Samstundes er det viktig at innbyggjarane ikkje føler at samanslåinga har vore ein flopp. At ein på sikt bidreg til det som heile tida har vore intensjonen med reforma, nemleg betre tenester og større avstand til sakene, altså, eit betre lokaldemokrati, seier Bjørnafjorden Høgre sin ordførarkandidat.

camilla.kvamme@osogfusa.no