Det ser ikkje pent ut rundt containeren i Bjørnavegen på Halhjem. Bebuarane i området ønskjer no at containeren vert flytta tilbake til ferjekaien på Halhjem, der han stod fram til 2014.
Det ser ikkje pent ut rundt containeren i Bjørnavegen på Halhjem. Bebuarane i området ønskjer no at containeren vert flytta tilbake til ferjekaien på Halhjem, der han stod fram til 2014.

Måsefest ved container på Halhjem

Lukta er ikkje til halda ut, og søppel ligg strødd. - Det er reine måsefesten her, seier Leif Fjellvang.

Forsøpling rundt hyttecontaineren i Bjørnavegen er eit gjentakande problem. Etter pinsehelga og 17. mai er det på sitt verste.

- Me har klaga eit utal gonger på forsøpling kring denne containeren, men no ser det heilt forferdeleg ut. Og som om ikkje det er nok, er det ein forferdeleg lukt, seier Leif Fjellvang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den pensjonerte reisebyrå-mannen frå Os Reisebyrå bur like ved containeren.

- Det har blitt eit gjentakande problem. Eg har klaga vår naud både til BIR og til kommunen.

Miljøkriminalitet

Fjellvang stussar ikkje med å omtala forsøplinga som miljøkriminalitet.

Leif Fjellvang er sjokkert over folks forsøpling kring hyttecontaineren på Halhjem.
Leif Fjellvang er sjokkert over folks forsøpling kring hyttecontaineren på Halhjem.

- Det er tankelaus forsøpling av naturen. Me kan ikkje ha det slik, sukkar han.

Pensjonisten skuldar ikkje på hyttefolket.

- Dei har nøklane sine til containaren og nyttar den. Dei som står bak dette griseriet her er vanleg bebuarar som ikkje tek seg bryet med å få køyrt av garde søppelet til der det høyrer heime.

Både måndag og på 17. mai ringde han BIR og klaga på forsøplinga. Svaret var at dei ville senda nokon til å sjå på det.

- No vert visstnok containeren tømt denne veka, så det kjem seg sikkert, men det er ikkje kjekt å ha det slik i nærområdet over fleire dagar, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil flytta containeren

På vegner av seg sjølv og andre bebuarar i området har Fjellvang også høyrd med kommunen om ikkje det er mogleg å flytta containeren.

- Dette er ein container som inntil i 2014 stod på kaien på Halhjem. Me skulle gjerne sett at han vart flytta ned igjen, seier Fjellvang.

Teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer, kan ikkje lova at containeren vert flytta, men seier ho vil sjå på saka.

- No har eg nett fått kjennskap til denne saka, så det er litt vanskeleg å svara konkret på ståande fot. Det eg kan seia er at eg vil ta kontakt med BIR og høyra litt om kvifor containeren vart flytta i første omgang, seier ho.

- Oppryddinga kring containeren, kven sit ansvar er det?

- Når folk set søppel ved sida av containeren, er det grunneigar sitt ansvar. No har eg ikkje rukke å sjå på kartet enno, men dersom det er Os kommune sitt område, så må me bidra med vårt for å få rydda opp, seier Kramer.