Svein Kollen og Bjørnar Engelsen i Lysekloster Idrettslag stadfestar at kemneren har vore på besøk. - Det blei avdekka feil med føring av køyrelister, men det er snakk om eit mindre beløp, seier dagleg leiar Engelsen.
Svein Kollen og Bjørnar Engelsen i Lysekloster Idrettslag stadfestar at kemneren har vore på besøk. - Det blei avdekka feil med føring av køyrelister, men det er snakk om eit mindre beløp, seier dagleg leiar Engelsen.

- Saka er blåst ut av proporsjonar

Leiinga i Lysekloster Idrettslag kommenterer kemner-besøket og bokettersynet. - Saka er blåst ut av proporsjonar. Det er rett at kemneren fann avvik, men det er snakk om eit mindre beløp, seier dagleg leiar Bjørnar Engelsen.

Sist veke publiserte Bergens Tidende ei sak med tittelen «Skattetrøbbel for Lysekloster IL». Saka går på at kemneren har vore på besøk, og funne uregelmessigheiter med køyrelister.

- Kemneren har vore her og gjennomført bokettersyn. Dette er snakk om åra 2013 og 2014. Dette er altså to år og tre år tilbake i tid. Det er også rett at det blei avdekka feil med føring av køyrelister, men det er snakk om eit mindre beløp, seier Engelsen og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg tørr påstå at i ei kvar verksemd som får bokettersyn, vil kemneren alltid finna feil med føring av reisegodtgjersle. Eg har sjølv vore gjennom denne prosessen tidlegare i eit større selskap, og dei finn alltid uregelmessigheiter.

Ikkje snakk om store avvik

Engelsen vil ikkje på noverande tidspunkt seia noko om storeleiken på avvika, men fortel at det ikkje er snakk om store avvik.

- Saka beror på menneskelege feil. Det har vore litt uklart kva og korleis ein skal føra desse listene. Vi har tidlegare fått ulike opplysningar frå kemneren om korleis listene skal førast. Vi ser det som ein positiv sak å ha hatt bokettersyn. No har vi fått betre rutinar på føring av køyrelistene. Vi har hatt ein god dialog med kemneren, som takkar for godt samarbeid, og påpeikar at rutinen no er som han skal. Dette kan vi dokumentera. Det skal også seiast at innberetta beløp stemte på krona når kemneren avstemte heile rekneskapen. Det er som eg sa til BT, og som eg har sagt til «Os og Fusaposten» tidlegare, ingen svarte pengar eller pengar under bordet i omløp i Lysekloster Idrettslag.

Ikkje ressursar til å følgja opp

Sportsleg har det gått rett til værs med Lysekloster. Engelsen medgjev at det har vore utfordrande å halda tritt for det administrative apparatet.

- I åra det er snakk var ikkje rutinane i det administrative apparatet som dei burde vera. Vi hadde ikkje ressursar til å følgja opp og gjera dei naudsynte kontrollane. No er dette apparatet på plass, seier han og legg til:

- Det skal godt gjerast for ein person å kontrollera 20 spelarar med 20 reiser per månad. Det er 400 turar i månaden. Når ein i tillegg kanskje får slengt i fanget køyring for dei to-tre siste månadene frå fleire spelarar på ein gong, så kan du tenkja deg kor omfattande den jobben er. Systemet beror på tillit, og at ein har forstått korleis ein skal føra køyrelistene.

 

- Dei berørte partane er varsla

Avvika som er funne råker kun ein spelar som er knytt til klubben i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er snakk om køyrelister til totalt fire spelarar. Dei er alle informerte om situasjonen, seier Engelsen.

- Kva for konsekvensar får dette for desse spelarane?

- Køyring som er rekna for ikkje godkjent blir betrakta som lønn og dette beløpet skal det skattast av. Den same summen må klubben betala 14,1 prosent arbeidsgjevaravgift for.

Saka er ferdigbehandla hos kemneren i Bergen, og skal no sendast vidare til Skatt Vest.

- Vi har høve til å klaga på det vi er ueinige i, og vi har litt vi ønskjer å klaga på, men noko av det er greit, seier Kollen.

- Gir innsyn til dei som treng det

Både Bergens Tidende og Bergens Avisen har vore i kontakt med Lysekloster for å få eit innsyn i rekneskap.

Sjølv om leiinga i idrettslaget seier at dei ikkje har noko å skjula, vil dei ikkje gje dette til media.

- Dei som treng innsyn har fått det, som til dømes sponsorer. Dei som har behov for å sjå rekneskapen får det. Vi er ikkje interesserte i å få bretta ut ei dobbeltside i avisa om vårt rekneskap. Vi opplever det som at avisene ønskjer å analysera oss opp mot andre klubbar, for å ta oss på eit vis. Eg undrar meg kvifor det berre er oss dei går etter. Klubbar som Fyllingsdalen og Nest-Sotra har også hatt bokettersyn, noko som såvidt blei nemnt i BTs sak. Kvifor er det akkurat oss alle skal gå etter? spør Kollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Andre klubbar tilbyr meir

Kollen og Engelsen reagerer også på at det som oftast er økonomien til klubben som vert omtala i media, og ikkje på den sportslege suksessen.

- Det blir framstilt som at vi sopar til oss alt av spelarar fordi vi tilbyr lukrative kontraktar. Dette er ikkje rett, seier Engelsen.

- Vi har gitt tilbod til fleire spelarar, men dei kjem med krav som vi er langt unna å kunna møta. Dei får tilbod om betre kontraktar frå klubbar på same nivå som oss, men også lågare i divisjonssystemet får vi beskjed om, seier Kollen, som legg til at også dei var ute etter å sikra seg Christoffer Hafås´ tenester før han signerte for Os. Han skal ha sagt at han fekk eit betre tilbod frå Os.

Hafsås som har signert proffkontrakt med Os, fortel at det i hans tilfelle ikkje var snakk om eit betre økonomisk tilbod.

- Det eg meinte med betre tilbod, var totalpakka, med planar og visjonar, trenarane, og mitt møte med spelargruppa. Reint økonomisk var nok tilbodet frå "kloster" betre, seier han.

Fleire proffkontraktar

Då Os og Fusaposten snakka med Kollen og Engelsen i fjor sommar høve klubbens økonomi og rykteflaumen, fortalte Kollen at spelarane i klubben fekk utbetalt køyregodtgjersle på mellom 1.000 og 5.000 kroner i månaden alt ettersom kor mykje dei køyrer.

- Det gjaldt i fjor, og stemmer stort sett i dag også. Men det er slik at dei ein månad kan køyra for 7.000 kroner, før dei neste månad berre køyrer for 1.000 kroner. Det går på eit visst beløp i året. No har vi engasjert dei fleste spelarane på proffkontraktar. Vi er no komen inn i toppfotballen, og må forholda oss til det, og driva deretter.

Stadig nye rykte

- «Os og Fusaposten» har fått opplyst at de tilbyr kontraktar der det står spesifisert at ein spelar skal få for eksempel 4.000 kroner i månaden. Er det tilfelle?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei. Det er berre tull. Spelarane får betalt etter kor mykje dei køyrer, seier Kollen, og legg til:

- Det står ikkje spesifisert kor mykje ein spelar skal ha i månaden. Det er oppgitt at dei får reisegodtgjersle inntil eit visst beløp i året. Køyrer dei meir, så får dei ikkje att for det. Dei kan også velja å ta ut utstyr gjennom klubben, men då vert dei trekt i reisegodtgjersle.

Mistenkjer nærliggjande klubbar

Lysekloster ønskjer ikkje å gi innsyn i papira deira sjølv om dei seier at det ikkje er noko der som ikkje tåler dagens lys.

- Dei som vil ha innsyn får stilla på årsmøte til Lysekloster IL, for der blir alt lagt fram, seier Kollen.

Dei seier at dei har lært seg å leva med rykte kring klubben, og sjølv om dei håpar at det skal ta slutt når denne saka er over, har ikkje Engelsen noko tru på at det vil skje. Kollen fortel at dei har mistankar om kven som står bak delar av rykta og kven som har meldt dei.

- Det er folk i nærliggjande klubbar som står bak. Eg blei kontakta av ein person i ein av desse klubbane, og vedkommande påstår at han ikkje hadde noko å gjera med bokettersyn-saka. Dette var før artikkelen kom på trykk i BT, seier Kollen og held fram:

- Det er ikkje vanskeleg å spora kor rykta kjem frå. Det er eit ordtak som seier at rykte er laga av hatarar, spreidd av taparar og akseptert av idiotar. Du må gjerne sitera meg på det, seier Kollen med eit smil.