Blomsterdekoratør og designar Finn Schjøll kjem til Os i dag. (Pressefoto)
Blomsterdekoratør og designar Finn Schjøll kjem til Os i dag. (Pressefoto)

I dag kjem Finn Schjøll til Os

Tilbords på Os Amfi får storfint besøk i ettermiddag. Blomster-Finn tek turen innom for å signera vasar og servise.

- Me gler oss stort, seier Rosmari Sorthe frå Tilbords.

Den kjende TV-personlegheita har designa den tidlause vasen «Boblen» for Magnor Glassverk. «Boblen» har i lang tid vore bestseljar på Tilbords.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har hatt lyst til å invitera Finn i mange år. For ikkje så lenge sidan ringte Magnor og sa at Finn var interessert i å koma til Os. Eg nølte ikkje med å seia ja, seier Sorthe.

Finn skal signera sitt nye servise og «Boblen», og han kjem til å ha med seg blomar for å laga bukettar.

- Trur du det kjem mykje folk?

- Eg veit det kjem mykje folk, ler Sorthe og held fram:

- Me har hatt delt ut invitasjonar til kundar i lang tid, og mange seier at dette ønskjer dei å få med seg. I tillegg lanserte me nyhendet på Facebook for ei tid tilbake. Det er blitt delt mange gonger, og det er sett av over 15.000, seier Sorthe.

Dette er første gong Finn Schjøll er i Os. Om alt går etter planen, og Finn finn fram, kan ein treffa han i ettermiddag mellom 17.30 og 19.00.