Kan rulla fram campingvogna igjen
Andreas Johannessen og kompisane kan rulla fram campingvogna til ny Gunslingsers-konsert på Nore Neset i desember igjen.
Tor Egil Hylland har ein grei filosofi som konsertarrangør: Har ein napp på artistar som har fungert før, så er det ikkje noko poeng i å venta med å booka dei.
– Nyttårskonserten i Nore Neset Aktivitetshus no i desember var vellukka på så mange måtar. Spesielt er eg nøgd med at me endå ein gong, og kanskje i endå større grad enn tidlegare, lukkast med å få ungdomen til å koma. Ei viktig årsak til det var Gunslingers, seier Os Live-sjefen.
Artikkelen held fram under annonsen.
God fangst
Då Os og Fusaposten prata med Hylland i samband med planane hans for sommarkonsert i Vognhallen, røpa han at Gunslingers alt var booka inn for nest siste dag av 2018.
– Dei likte seg så godt, og synest opplegget vårt var kjempebra. Då det viste seg at dei var frie for oppdrag på same kveld i 2018, var det berre å klina til, fortalde Hylland.
Mange nøgde osingar
For Andreas Johannessen og kompisane som parkerte campingvogn på parkeringsplassen ved Nore Neset Aktivitetshus er det berre å førebu seg til eit nytt nærmøte med cowboyheltane frå Tørvikbygd. Gunslingers appellerte så absolutt til osingane, og osingane viste til fulle sin elsk for bandet.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no