Sofie (13) vann gull - fyrste siger sidan 1970
Sofie Evensen låg eitt poeng bak etter den innleiande skytinga, men etter ein suveren sisteserie gjekk ho heilt til topps i rekruttklassen under LS.
Sofie fekk totalt 349 poeng etter 100 i finalen og 7 innertiarar. Ingen på dei 13 første skivene klarte å matcha det. Dermed vart det den fyrste sigeren i LS siden Else Eidsvik blei prinsesse i 1970.
Ikkje rart tårene rann på den unge meisteren då speakeren på stadioen ville vita om ho var glad!
Artikkelen held fram under annonsen.
- Veldig, stotra ho fram.
Sidan venta gullstol på veg opp til premieutdelinga - ei utdeling som forøvrig vart leia av osing Morten Haga Lunde. generalløytnant og leiar for Forsvarets Operative Hovudkvarter.
Sterk 5. plass
I klassen Eldre Rekrutt skaut Amalie, storesøstera til Sofie, på skive 1 i finalen. Presset over å liggja på den aller fyrste skiva takla ho suverent. 8 innertiarar vitnar om det, sjølv om det desverre var to for lite. Det enda likevel med ein svært sterk 5. plass for Amalie.
Mot kongar og prinsar
I Klasse V73 skaut Else Eidsvik 100 og blei Os skyttarlags beste på ein 19. plass. Steinar Eidsvik måtte tåla 3 niarar og hamna med 97 poeng eit godt stykke ned på lista, rapporterer Anstein Eidsvik på skyttarlaget sine heimesider.
I V55 skaut Arvid Austefjord seg opp fra 13. til 4.plass i klasse V55 med 99 poeng, og 9,9 i finalen.
- Fantastisk bra gjort med all den rutinen han skaut mot i den finalen, der både tidlegare kongar og prinsar var med, kommenterer Eidsvik.
Sistemann ut på 200 meter er Øystein Haugland i klasse 3-5. Han har har 240 før finalen og skal skyta kl.14.15.