Christer Olsen fekk ein einsam jobb på topp for Lysekloster. Fredrik Heggland rydda godt opp for gjestane.
Christer Olsen fekk ein einsam jobb på topp for Lysekloster. Fredrik Heggland rydda godt opp for gjestane.

Heggland og Fana vann lokaloppgjeret

- Det var litt lite fotballspel etter mi smak, men tre poeng gler sjølvsagt uansett, seier Fredrik Heggland etter møtet med Lysekloster laurdag.

Det var mykje prestisje i lokal-oppgjeret i Lysekloster Framo Idrettspark. For første gong i historia skulle dei to naboklubbane frå kvar si side av Fanafjellet møtast til dyst i same divisjon. Og som om ikkje det var nok - nokon ymta frampå om at Fana hadde kalt Lysekloster ein drittklubb tidlegare i veka.

- Det er klart me var tende. Me er jo fleire på laget som har spelt for Fana sjølv, så me ville jo vise at me duger og at Lysekloster har eit bra lag, sa Thomas Helland etter kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fana-stoppar og osing, Fredrik Heggland, merka også at det var meir enn ein vanleg kamp.

- Det var mykje kriging og "slåsting" utpå her. Mykje meir av det enn eg set pris på. Eg likar det betre når det vert meir spel. Dette var berre krig, konkluderar lysluggen som er på utlån frå Brann.

Han er elles godt nøgd med starten på karrieren i Fana.

Lyseklosters største sjanse kom i første omgang. Desverre for heimelaget skaut Christer Olsen rett på Fanas keeper.
Lyseklosters største sjanse kom i første omgang. Desverre for heimelaget skaut Christer Olsen rett på Fanas keeper.
I samband med årets første heimekamp vart det nye presserommet innvia laurdag. Ein kan ikkje klaga på utsikten herifrå.
I samband med årets første heimekamp vart det nye presserommet innvia laurdag. Ein kan ikkje klaga på utsikten herifrå.
Vip-gutane på Lysekloster klaga heller ikkje over oversikta frå presserommet.
Vip-gutane på Lysekloster klaga heller ikkje over oversikta frå presserommet.

- Jo, det har gått bra. Me spelte uavgjort 1-1 mot Førde i første runde. Dessutan tok me oss vidare i cupen no i veka som var. Med siger 1-0 her i dag må eg seia meg nøgd, seier Fredrik.

Lite sjansar

Og kanskje var det Lyseklosters 120 minutt mot Os tidlegare i veka som gjorde at Fana drog det heile i land. Joachim Dankertses mål i det 43. minutt vart kampens einaste, og utanom at Fana hadde eit par smellar i tverrleggjaren og at Christer Olsen ein gong var åleine gjennom med Fana-keeper Martin Sanchez Olsen, var det ein forhaldsvis sjansefattig kamp.

- Ja, det vart mest nesten. Me fekk litt trøkk på Fana mot slutten, men dei heilt store sjansane skapte me ikkje, vedgår Lysekloster-back Aleksander Andersen.

I lag med Thomas Helland og keeper Christ Sunde Midtun var han blant heimelagets beste spelarar.

- I starten av kampen meiner eg me er litt feige. Me vågar ikkje spela opp på spelarar i mellomrommet, og vel heller å slå heim eller langt. Men, men. me er i ein læringsperiode og vil nok utvikla oss som lag utover i sesongen, seier Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helland er ikkje skremd av nivået.

- Fana kjempar hardt, men dei er ikkje noko særleg betre enn oss. Kanskje er det rutinen deira som gjer at dei tek sigeren i dag, men til hausten skal me slå dei, seier Helland.

Ampert mot slutten

Thomas Helland vart sjølv stygt sparka ned i sluttminuttane av kampen. 

- Det vart litt ampert  mot slutten. I tillegg blir me jo litt irriterte over Fanas uthaling av tid. Dei var gode på det, flirar Helland ironisk.

Lysekloster-trenar Thomas Sandal var skuffa over null poeng, og at dei ikkje skapte særleg med sjansar.

- Me spelar for mykje på det safe. Skal me skapa store sjansar, må me også våga meir. Me må ha trua på eigne ferdigheiter. Det er såpass mykje kvalitet i dette laget at dette trur eg me vil få meir til utover våren, seier Sandal.

- Neste kamp for Lysekloster er borte mot Sola. Kva tenkjer du om den kampen?

- Me er ikkje overraska over nivået i divisjonen. Me har det inne, men må våga å sleppa oss meir laus. Det kan tenkjast at spelarane har hatt litt høge skuldre i desse første kampane. Det blir det min oppgåve å hjelpa dei med å få ned fram mot Sola-oppgjeret, seier Sandal. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Kampfakta

Lysekloster - Fana 0-1 (0-1)

Plass: Lysekloster Fram Idrettspark

Mål: 0-1 Joachim Dankertsen 43. min.

Lysekloster sitt lag (4-2-3-1): Chris Sunde Midtun - Ola Sjømæling, Baste Jonassen, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen - Espen Birkeland, Sindre Hitland Flaa - Tommy Gaustad (Gojko Ivkovic frå 78.), Ståle Steen Sæthre (Hans-Christian Nysæther frå 69.), Thomas Helland - Christer Olsen.