Sindre Henriksen, Sverre Lunde Pedersen og Simen Spieler Nilsen kunne med rette jubla etter løpet i Heerenveen fredag.
Sindre Henriksen, Sverre Lunde Pedersen og Simen Spieler Nilsen kunne med rette jubla etter løpet i Heerenveen fredag.

Årets første V-cup-gull i boks

I løvenes hole i Thialf-hallen i Heerenveen gjekk Sverre Lunde Pedersen og det norske laget fredag inn til siger på lagtempoen i V-cup-runde 4.

Sindre Henriksen, Sverre Lunde Pedersen og Simen Spieler Nilsen starta årets V-cup-sesong med å gå inn til bronse på første lagtempo i Kina for nokre veker sidan. Etter dette har dei norske gutane verkeleg fått opp dampen. Fredag ettermiddag klinte den raudkledde norske trioen til med eit kanonløp i den Nederlandske skeisemetropolen Heerenveen.

Det norske laget vann lagtempoen på tida 3,42,43. Med det var dei heile 61 hundredeler raskare enn vertanes lag. Italia tok tredjeplassen, 1,10 bak det norske laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var kapteinen og osingen Sverre Lunde Pedersen som tok dei hardaste takat då det byrja å røyne på for det norske laget. NRK-kommentator Even Wetten var ikkje i tvil om at 24-åringen skulle ha mykje av æra for suksessløpet.

- Sverre er Kaptein med stor K, akkurat som me treng, sa Wetten då Lunde Pedersen skrudde på turboen dei siste rundane.

Så står det att å sjå om Sverre verkeleg har funnet forma.

Og Wetten gav seg ikkje med det.

- Det er ein fantastisk prestasjon av eit skadeskutt norsk lag. Sverre snur minus til pluss. Ein voldsom prestasjon. Me hadde ikkje våga å tru på dette. Det var ein kjempeoppreisining, sier Wetten.

Sverre Lunde Pedersen sjølv sa dette til NRK sitt TV-team etter løpet.

- Eg følte meg pigg frå start. Dei andre hadde også ei god kjensle. På slutten følte eg meg framleis bra, så då køyrdejeg på. Dei andre hang som en klegg, så det var eit veldig bra løp av alle frå start til mål, sier Pedersen.