Klare for å dela ut gåvene. Innsats for andre-gjengen gleda seg til å gje frå seg alle gåvene. (Alle
Klare for å dela ut gåvene. Innsats for andre-gjengen gleda seg til å gje frå seg alle gåvene. (Alle

Gledesspreiarane frå Nore Neset ungdomsskule

Fem ungdomar frå Nore Neset har i heile haust jobba for å tena pengar som kan koma andre born til gode. I dag leverte dei haugevis med gåver til barneklinikken på Haukeland.

Dei var ikkje vanskeleg å få auge på, ungdomane frå Nore Neset ungdomsskule. Iført nisseluer, og ein fullstappa heimelaga gåvesekk, vitja elevane frå valfaggruppa «Innsats for andre» barneavdelinga på Haukeland i dag tidleg. «Os og Fusaposten» var så heldige at me fekk vera med inn på leiketerapi-avdelinga kor gåvene skulle leverast.

- Spesielt å vera her

- Sekken ser tung ut?

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var tydeleg at Ida Wik hadde problem med å få han med seg.

- Ja, han er veldig tung.

Etter kvart måtte Kristoffer Røttingen ta i eit tak. Då hadde sekken starta å rakna.

- Kva er det de har kjøpt til borna?

- Det er spel, bøker og modellerkitt, blant anna, fortel Martine Særvoll Pedersen.

For Martine var det ekstra spesielt å vitja barneklinikken, og leiketerapien.

- Eg har vore her saman med min bror mange gonger tidlegare. Han har ein lungesjukdom. Han er betre no, men det er ikkje så lenge sidan han var her sist for å overnatta. Det er litt spesielt å vera her, eg kjenner det, seier Martine.

Sjøldrivne elevar

På Nore Neset er dei 25 elevar på «Innsats for andre». Desse elevane er delt opp i grupper alt etter kva dei ønskte å bruka dei to valfagstimane i veka på.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nokre elevar har jobba i barnehage, andre på Luranetunet. Det er og nokre som har laga vaflar på skulen, og vaska bilane til dei tilsette. Denne gruppa fann tidleg ut at dei ville jobba, og tena pengar til eit godt føremål, seier inspektør ved Nore Neset ungdomsskule, Hilde Drange Veglo, som også var med på turen til barneklinikken i dag. Ho verka stolt av elevane, med god grunn.

- Dei er sjølvstendelege, og sjølvdrivne. Dei har berre hoppa på ein buss og forsvunne ut for å jobba. Eg har alltid visst kvar dei har vore i verda, men det har ikkje vore nødvendig for meg å følgja dei opp i særleg grad, seier ho.

Sparar midlar til neste år

Det var Martine som kom på at pengane dei samla inn, skulle koma barneavdelinga til gode. I haust har elevane blant anna jobba på MX Sport. Sist veke hadde valfaget stelt i stand eldretreff på skulen, men inntektene derifrå, vart ikkje brukt no. Dei skal sparast til eit seinare høve.

- Me skal snart i gang med å planleggja kva me vil gjera vidare etter nyttår, seier Mia Grindevoll.

Kjente att Martine

På leiketerapien blei me tekne i mot av Åse Strandenes og Reidunn Pallesen. Det var ingen born der då, men elevane fekk høve til å sjå seg rundt og høyra om kva for aktivitetar borna får vera med på. Då det kom fram at Martine hadde vore der saman med broren eit par gonger, fann Åse raskt ut kven ho var.

- Ja, det stemmer det. Eg hugsar eg trefte din far på ski på Frotveit. Då han snakka til meg, hugsa eg han ikkje først, men det kom til meg etter kvart. Eg veit godt kven du og familien din er, seier Åse.

Etter kvart kom det også eit par born til avdelinga. Dette vart prikken over i-en for elevane, som fekk dela ut gåver til Mathias og Stine.

Ei oppmuntring i ei tøff tid

Drange Veglo lurte på korleis dei gjorde det med utdeling av resten av gåvene.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har eit rom kor alt blir samla, så vert det delt ut ved bursdagar, jul og om nokre born har vore gjennom ei særleg tøff tid. Då får dei ei oppmuntring. Det er ikkje alle borna som er friske nok til å koma ned til oss. Då går me opp på avdelinga til dei, fortel Pallesen.

- Får de inn mange gåver rundt jul?

- Ja, det er mange som tenkjer på borna. Det er vanskeleg å seia kor mange gåver me får inn, men det er mange. Nokre kjem til oss med gåver, og så er det ein del som ringjer og spør kva me treng.

Det var tydeleg at både Pallesen og Strandenes sette pris på bidraget frå elevane frå Nore Neset.

- Det er fantastisk at de har tenkt på oss og borna her.

Vil samla inn meir

Drange Veglo fortel at valfaget består av to ting: Planlegging og gjennomføring. Sjølv om elevane ikkje har planlagt kva dei skal gjennomføra neste gong, er dei klare på ein ting.

- Me kjem til å halda fram med å samla inn pengar, som skal gå til andre som treng det meir enn oss, seier elevane.