Nore Neset A-lag i flyten
Etter tapet i seriepremieren har Nore Neset A-lag kome sterkt tilbake. Måndag vann dei sin fjerde kamp på rad.
Dei starta sesongen med å tapa 6-3 borte for Sotra 2. Etter det har dei blåkledde no gått sigrande av banen fire gongar på rad.
Gårsdagens 2-1-siger borte mot Fitjar kom etter sterk laginnsats og gode taktiske vurderingar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Fitjar har eit ungt, løpssterkt lag. Me starta i 4-4-2 og kom litt i undertal. Etter pause la me om til 4-5-1. Deretter fekk me langt betre grep om kampen, fortel trenar Arne Sælensminde.
Trua på seg sjølv
Fitjar tor leiinga 1-0 på ei god kontring etter 18. minutts spel. Nore Neset ordna balanse i rekneskapen kring 10-15 minutt ut i andre omgang. Målet vart sett inn av Ørjan Bjørgo etter pasning frå Anders Kinden.
Vinnarmålet kom som eit resultat av tøff kjemping i heimelaget sin målgard, kring 70 minutt ut i kampen.
- Etter ein daudball vart det mykje klabb og babb inne i feltet, før Emilis Zilinskas fekk fatt i ballen og sette han buret, fortel Sælensminde.
Nore Neset hadde stort sett kontroll etter at dei tok leiinga.
- Fitjar hadde sine sjansar, men god laginnsats, og nok ein god kamp av sisteskansen vår, Fredrik Sælen, gjorde sitt til at me stod løpet ut og vann, konstaterer Sælensminde.
Med 12 poeng på dei fem første ligg nyopprykka Nore Neset no på delt andreplass i 5. divisjon avdeling 03.
- Me er eitt poeng bak leiande Bremnes og må seia oss svært godt nøgde med opninga. Likevel er me noko nøktern i høve til mål for sesongen. I første rekkje skal me nemleg berre etablera oss i divisjonen, understrekar trenar Sælensminde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Flott kampramme
Graskampen mot Fitjar kosta godt med krefter. I så måte passar det bra at dei blåkledde ikkje har ny kamp før søndag 22. mai. Då er det klart for ny heimekamp på Nore Neset idrettsplass. Høgreback og oppmann Paul Haldorsen gler seg.
- I år har me jobba litt for å få til eit betre og meir proft arrangement kring heimekampane våre. Me har fått opp musikkanlegg og speaker-teneste. Eg håpar norenesingane møter opp i hopetal for å sjå oss neste søndag, seier Haldorsen.