Sju barnehagar med ledig plass
Alle med rett på barnehageplass, som søkte innan fristen, har fått det. - Per i dag er det 32 born som har fått tilbod barnehageplass etter hovudopptaket. Det visar at det framleis er mange born som ønskjer barnehageplass som ikkje er plassert i ønsket barnehage, opplyste Jannicke Mitsem i tenesteutvalet onsdag.
Fristen for å søkja var 1. mars. Hovudopptaket blei gjennomført som planglagt, og var ferdig 18. mai.
Supplerande opptak
Endeleg status og endelege tal for opptaket i år vil ein likevel ikkje få før i september.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er mange som byter barnehage. Det er ikkje slik at om ein har takka ja, så er ein låst til den barnehagen. Det er nokre som ønskjer seg til ein annan barnehage, og det plar vera ein del ut og inn, og fram og tilbake, konstaterte Mitsem i tenesteutvalet og la til:
- Det vil vera supplerande opptak som går no og fram til september. Dei som er med der, er dei som ikkje var med i hovudopptaket.
Har halde seg til lova
Os kommune har halde seg til reglane som seier at born fødd innan 31. august har rett på plass.
- Det er eit ønske frå regjeringa at også born fødd i september og oktober skal ha rett på plass, men vi har teke utgangspunkt i lova slik ho er i dag, kommenterte Mitsem.
Desse barnehagane har ledige plassar
Os barnehage som tidlegare har hatt ledig er fylt opp frå hausten av. På heimesida til Os kommune finn ein kontaktinformasjon til barnehagane med ledig kapasitet.
Desse barnehagane har ledige plassar per i dag: Espira Kuventræ, Espira Ulvenvatnet, Flåten Naturbarnehage, Hjellemarka FUS barnehage, Hegglandsdalen barnehage, Nøtteliten barnehage og Borgafjell barnehage.