Meiner tomta bør seljast
Rådmann Berit Fløisand rår formannskapet i Fusa om å selja tomta sør for Kommunetunet til AS Sambygg.- Fusa kommune er positiv til at Fjord'n senter vert utvida, påpeikar rådmannen.
19. mai mottok Fusa kommune ein førespurnad frå AS Sambygg om å overta tomta som ligg sør for Kommunetunet, og vest for dagens senter. Tomta er om lag 2.500 kvadratmeter stor.
Årsaka til at AS Sambygg bed om å få overta tomta, er at selskapet ønskjer å utvida Fjord'n senter. Utvidingsplanane vart presenterte for formannskapet i møtet deira 22. april.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Utvidinga av senteret gjer det naudsynt å auka selskapets eigenkapital gjennom oppretting av nye aksjar. Kor mykje eigenkapital som må innhentast, og kva aksjane skal kosta, er ikkje avgjort enno, skriv styreleiar i AS Sambygg, Erling Syvertsen.
I brevet til Fusa kommune bed Syvertsen om svar på to heilt avgjerande spørsmål:
. Er Fusa kommune villig til å selja tomta til AS Sambygg?
. Er Fusa kommune villig til å akseptera aksjar i AS Sambygg som oppgjer for tomta?
- Vi bed om snarleg svar på ovannemnde då desse spørsmåla er heilt avgjerande for det vidare arbeidet med prosjektet, heiter det i brevet.
Ingen planar i kommunal regi
I sakspapira til formannskapet skriv rådmannen at Fusa kommune er positiv til at Fjord'n senter vert utvida.
- Eit slikt byggjeprosjekt vil vera eit bidrag til å vidareutvikla Leiro som senter for handel og sørvis. Dette er i tråd med måla i samfunnsdelen av kommuneplanen.
I framlegget sitt til vedtak føreslår rådmannen at Fusa kommune går inn i AS Sambygg med den tomta/arealet som trengst for å realisera prosjektet. Pris for tomta skal avgjerast etter forhandlingar med AS Sambygg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rådmannen føreslår også at det vert oppretta eit forhandlingsutval beståande av mellom andre ordførar og rådmann.
- Kommunestyret skal godkjenna pris og øvrige kontraktsvilkår, heiter det.
Tomta sør for Kommunetunet var i utgangspunktet tiltenkt eit bygggjetrinn to for Kommunetunet. Av ulike årsaker valde kommunen å leggja utgreiingsarbeidet som eigentleg skulle ha starta i 2010, på is.
- Per i dag er det ingen planar om eit bygg i kommunal regi på tomta, går det fram av sakspapira.
Ikkje ugild
I utvidingsplanane ser ein hovudsakleg føre seg butikkar i første etasje, kontor i andre etasje og bustadar på toppen av bygget. AS Sambygg har også spurt Fusa kommune om det er interesse for å etablera eit nytt helsesenter i bygget.
- Dette må vi koma tilbake til i ei eiga sak. Det formannskapet skal ta stilling til i denne omgang er om AS Sambygg skal få kjøpa tomta, og om Fusa kommune ønskjer å gå inn med verdien av tomta som ein del av finansieringa av prosjektet, presiserer rådmannen.
Andre ting som må avklarast er realisering av areal til parkering, samt leike- og friområde knytt til bustadar.
- Det resterande parkeringsarealet på Leiro må gjerast ferdig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fusa kommune hadde aksjemajoriteten i AS Sambygg då Fjord´n senter vart etablert på slutten av 1980-talet. I dag sit kommunen att med 12,56 prosent av aksjane.
Fusa kommune har fleire ulike roller i denne saka, deriblant tomteeigar, eigar, leigetakar og sakshandsamar. Ifølgje sakspapira er Fusa kommune som organisasjon ikkje ugild sjølv om kommunen eig ein aksjepost i AS Sambygg. Det er berre personar som kan vera ugilde.
- Fusa kommune sitt styremedlem i AS Sambygg vil vera ugild i handsaminga av denne saka, men rådmannen og politikarane i Fusa kommune vert ikkje vurderte som ugilde, heiter det.