Både Solsiden Pianobar AS og Irisgården velforening klagar på det seinaste vedtaket i tvisten mellom dei to partane. Saka går no til Fylkesmannen. (Arkiv
Både Solsiden Pianobar AS og Irisgården velforening klagar på det seinaste vedtaket i tvisten mellom dei to partane. Saka går no til Fylkesmannen. (Arkiv

Stiller spørsmål om habiliteten

Tore André Sagstad har valt å klaga vedtaket om tidlegare stenging av uteserveringa på Solsiden til Fylkesmannen. Der stiller han spørsmål om habiliteten til både Helsevernetaten i Bergen og kommnueoverlegen i Os, Jon Vangdal Aamaas.

Dette kjem fram i eit utdrag frå klagen sendt til Fylkesmannen:

"Som det fremkommer av saksgangen har Helsevernetaten i Bergen, hatt en representant til stede under støymålinger. Vi må anta at klager (Helge Haugland), som er pensjonert hjertelege og som delte lokaler med kommuneoverlegen i Os, har kontakter i Helsevernetaten i Bergen. Vi antar også at en av grunnene til at Os kommune valgte å trekke tilbake vedtaket utstedt av kommuneoverlegen, hadde bakgrunn i de tette båndene som er og var mellom klager og kommuneoverlege. Dette mener vi er uheldig for behandling av saken. Vi anmoder om oppsettende virkning av vedtaket, til saken er ferdigbehandlet hos Fylkesmannen i Hordaland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innehavar av Solsiden, Tore André Sagstad, ønskjer ikkje å kommentera klagen.

- Eg føler at eg har sagt mitt i denne saka, seier han.

- Overhovudet ikkje ei problemstilling

Kommuneoverlege i Os, Jon Vangdal Aamaas sendte i september ut eit førehandsvarsel om at Solsiden måtte endra opningstidene på grunn av høgt støynivå. Uteserveringa og bruk av uteområdet måtte stengjast seinast klokka 23.00. Solsiden måtte stengja seinast klokka 01.00. Dette blei trekt attende av Os kommune, som såg det naudsynt med ei objektiv vurdering. Helsevernetaten i Bergen blei kopla på. Viviann Sandvik i Helsevernetaten har vore sakshandsamar i saka. Med ei ny støymåling til grunn blei det fatta vedtak om at Solsiden måtte stengja uteserveringa klokka 23.00, men ingenting blei gjort med sjølve opningstida til nattklubben Solsiden.

Assisterande rådmann i Os, Paul J. Manger, tilbakeviser påstander om inhabilitet. (Arkivfoto)
Assisterande rådmann i Os, Paul J. Manger, tilbakeviser påstander om inhabilitet. (Arkivfoto)

Sandvik ønskjer å kommentera påstandane om inhabilitet.

- Dette har overhovudet ikkje vore ei problemstilling. Helge Haugland er ikkje kjent for nokon på vår avdeling. Det finst ingen band der, seier ho, og opplyser samstundes at Irisgården Velforening har valt å klaga vedtaket inn til Fylkesmannen. Vangdal Aamaas har tidlegare kommentert påstandar om tette band til Helge Haugland. Han avviser venskap til Haugland, og ønskjer ikkje kommentera saka ytterlegare

Vil ha bort nattklubben

Bebuar i Irisgården, Helge Haugland, fortel at dei har valt å klaga på vedtaket fordi det då dei kjøpte leilegheit i 4. etasje, blei lova i skriftleg form av dåverande styreleiar i Irisgården AS, at det ikkje kom til å koma nattklubb i bygget.

- Vedtaket som blei fatta av Helsevernetaten er eitt skritt i rett retning. Det hjelper, men vi meiner at det ikkje skal gjevast løyve nattklubb i Irisgården. Dette har vi blitt lova. Løyvet som Tore André Sagstad har i dag, er eigentleg eit restaurantløyve. Vi har ikkje noko imot om han ønskjer å driva restaurant med opningstid til klokka 23. Vi har heller ikkje noko imot fotballpuben. Vi kjempar mot nattklubben, og ikkje Sagstad som person. Han har ikkje hatt bruksendringsløyve i heile denne perioden saka har pågått. Likevel har han fått driva nattklubb. Vi håpar at Fylkesmannen landar på at det ikkje skal vera nattklubb i bygget, seier Haugland.

Ville starta på nytt i saka

Assisterande rådmann i Os, Paul J. Manger, avviser at tette band mellom kommuneoverlegen og Helge Haugland var ein av grunnane til at dei valte å trekkja attende det varsla vedtaket frå kommuneoverlegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Grunnen til ei ekstern vurdering handla om eit ønske frå rådmannen om å få ei upartisk behandling av saka, seier han.

- Men når du seier upartisk, vil det ikkje seia at de ser kommuneoverlegen som partisk?

- Nei, det er ikkje meint i den forstand. Det er meir det at saka har gått mange rundar hos oss. Rådmannen fann det betre å gå tilbake til null, og starta på nytt, og få ei vurdering utanfrå. At rådmannen trekte tilbake vedtaket, er like mykje på grunn av hans rolle, og resten av den administrative leiinga som har gått fleire rundar med denne saka, seier Manger.