Fire nye namn klare for Osfest
Med The Holy Ghosts, Vossarebels, Hear Me Roar og Hans Marius Andersen er Osfest-programmet komplett.
Maya Vik er gravid og fann ut at konserten i Os vert for nært inn mot terminen. Ho har difor meldt avbod.
- Det har me stor forståing for. Me får håpa ho kan vera med neste år i staden, seier festivalsjef Ole Reinert Berg-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel vidare at kanselleringa gav opning for å hanka inn eit band han meiner er veldig bra.
- The Holy Ghosts er god rock og mykje energi. Dette er eit band som verkeleg leverer frå scenen, seier Berg-Olsen.
Bandet frå Edinburgh går inn i laurdagsprogrammet, før Neil Finn og Mike & The Mechanics.
Vossarebels på festivalcruise
Laurdag 6. vert det også musikalsk underhaldning på Oseana i regi av Osfest. Hans Marius Andersen er hovudattraksjonen når det vert invitert til jazzkafé. Trompetisten vert omtala som eitt av dei største trompet-talenta i Europa. Han har mellom anna jobba med Sissel Kyrkjebø og Sigvart Dagsland.
Kvartetten i Vossarebels spelar på det kommunale festivalcruiset på laurdagen.
- Kommunecruiset er eit tilbod frå Os kommune i samarbeid med Osfest, der kommunen distribuerer billettane internt til ulike dagsenter og pleieheimar i Os. Dette er ein tradisjon me er glade for å føra vidare, uttalar Berg-Olsen.
Festival-vinnarar
I samband med felles satsing for alle festivalar på Vestlandet er eitt band plukka ut til å få spela på alle 14 denne sommaren.
Bandet Hear Me Roar vart utvald under bransjetreffet 100 dagar på Stord. Bandet spelar i VIP-teltet før Trine Rein på fredag kveld.