I dag fekk helseministeren høyra om det unike samarbeidet mellom legevakt og brannvesen i Beredskapsbygget på Moberg. Her saman med partifellene Marie Bruarøy og Ståle Skaatun.
I dag fekk helseministeren høyra om det unike samarbeidet mellom legevakt og brannvesen i Beredskapsbygget på Moberg. Her saman med partifellene Marie Bruarøy og Ståle Skaatun.

Helseministeren: - Os ligg framfor

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkte i ettermiddag Beredskapsbygget på Moberg.

- Det dei har fått til her av samarbeid mellom legevakt og brannvesen er ganske unikt i norsk samanheng. Det er veldig spanande, sa Bent Høie etter at kommunalsjef Nils-Petter Borge og brannsjef Stein Gjøsund hadde fortalt han om historia bak samarbeidet.

Han viste til pågåande nasjonalt utgreiingsarbeid som nettopp peikar på samlokalisering og first responder-samarbeid som ein nøkkel i framtidas helsevesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Olsen-utvalet har peikt på denne typen prehospitale tenester som noko som vil bli meir og meir viktig å ha i kommunane. Det gjeld både first responder-arbeidet og den samla plasseringa av tenesta. Her ligg Os langt framfor, sa Høie.