Moder shipping
I meir enn 30 år har styreleiaren i Bergens Rederiforening brøyta veg for kvinner i ein mannsdominert bransje. I sommar fekk Eli Vassenden (52) frå Lysefjorden WISTA-prisen.
Anne Marie Aarøen Vangsnes
anne-marie@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Du veit, japanarane forstod ikkje at eg kunne arbeida og vera småbarnsmor samtidig, smiler ho.
Eli Vassenden fortel om då ho på jobbreise til Japan prøvde å forklara vantru forretningsfolk at jau, ho hadde små born, men, borna hadde då ein far heime som greidde godt å ta seg av dei på eiga hand.
- Ein må berre ta det med godt humør og forklara korleis det fungerer i Noreg, smiler ho.
Rollemodell
I juni mottok Eli, som sjuande bergensar, den prestisjetunge WISTA (Women's International Shipping & Trading Association) LeaderShip Award. President i WISTA Norge, Bjørg Ekornrud. sa det slik:
"Eli Vassenden har bidrege til utviklinga av den maritime industrien gjennom hennar mange år der ho har jobba i ei tradisjonelt mannsdominert rolle som driftsdirektør. Ho er profesjonell, open og dedikert, og ein viktig rollemodell for yngre kvinner i bransjen".
Les også:Har Eli som forbilde.
Speeddating
Og nettopp innsatsen for yngre kvinner er årsaka til at vi denne kvelden møter Eli på Maritimt Forums speed-dating på Grand Hotel Terminus. Rekrutterinsprosjektet Kvinner i kuling har invitert 30 studentar for å møta såkalla ressurskvinner i shippingbransjen. Eli er ei av dei. Elisabeth Grieg og Linn Cecilie Moholt to andre.
- Det vi gjer her handlar om å få kvinner til å våga og hiva seg utpå, seier Eli og tek varmt i mot oss.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rundt oss klaprar det i høge hælar og høge kvinnestemmer. Stivpynta studiner er klare for selskap med "shipping-fiffen".
Rosa skjørt
Eli Vassenden drøymde ikkje om shippingbransjen då ho som lita jente stod breibeint i ei fiskeelv på farsgarden i Hyllestad i Sogn. Der stod ho ofte saman med faren som lærte dottera å fiska. Sysken hadde ho ikkje.
- Sidan far min ikkje fekk nokon gut, måtte eg vera litt begge delar. Barndomen min var langt frå berre rosa skjørt, og fiskeinteressa og småbruket i Sogn har eg framleis.
Dameprogram
Episoden i Japan er ikkje noko unikt i Elis yrkeskarriere. Det er heller ikkje berre i utlandet ho har opplevd mannsjåvinisme. Shipping, både her til lands og internasjonalt, er kjend for å vera ein manndsdominert gjeng. Som ny i bransjen, støtte ho mellom anna på begrepet "dameprogram".
- Det refererte til arrangement der mennene kunne ta med seg kona. Eg var usikker på kor eg skulle vera, ler ho.
Fram igjennom har ho støtt på "lille ven"-haldningar.
- Vert du ikkje sint?
- Nokre gonger. Men eg har oftast takla det ved å vera venleg og dyktig. Forresten vert eg rolegare og stillare dess sintare eg er, så det er ikkje sikkert nokon fekk det med seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heil ved
- Kva skal eg seia om Eli? Ho er heil ved, seier Anne Øen som er dagleg leiar i Maritimt Forum Bergensregionen.
- Eli er veldig real, og behandlar alle med same respekt og vennlegheit. Samtidig er ho ein 'no nonsense'-person. Det er aldri noko tull med Eli, seier ho.
Billabong
Det var tilfeldig at Eli hamna i shipping. 19 år gamal - med språk, matematikk og bedriftsøkonomi frå gymnaset pluss eit kurs i leiing og logistikk, fekk ho jobb som assistent på teknisk avdeling hos Billabong Ship Management.
- Eg visste ingenting om selskapet, men det var eit morsomt og kult namn.
Sidan har ho stige i gradene. I 1990 vart ho innkjøpssjef og i 2004 driftssjef med ansvar for ship management og mannskap for Grieg Star. I tillegg til fleire styreverv i inn- og utland har ho frå 2009 vore styremedlem i Bergens Rederiforening og frå 2014 styreleiar.
- Tenk deg det, eg er kvinne nummer to i stillinga sidan 1899, ler ho.
Bergensadel
- Namnet Vassenden har ikkje den same bergensadel-schwüngen som Mowinckel, Grieg eller Rieber?
- Haha, nei, eg er den aller fyrste frå mi slekt Vassenden innan shipping. Og reiarerfaringa mi avgrensar seg til å eiga ein 17 fots plastbåt, ler ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ikkje overraskande har Eli sin geografiske identitet litt i Sunnfjord, litt i Sogn, litt i Bergen og litt i Os.
- Eg er tilpasningsdyktig og kjenner meg heime mange stader, smiler ho.
Kreft
Likevel er det i Lysefjorden ho har budd heile sitt vaksne liv. Her voks dei to borna opp. Og her døydde ektemannen av kreft for fem år sidan. Det gjorde ikkje sorga lettare at ein fastlegetabbe var årsaka. I ettertid fekk familien utbetalt erstatning frå Pasientskadeerstatning og fastlegen fekk særs krass kritikk.
- Noko av det som berga meg var det gode sovehjartet mitt. Eg har aldri vore typen som ligg om kveldane og grublar, det ein bekymrer seg for skjer sjelden, og endel ting som skjer, kan ein ikkje gjera noko med. Då kan ein like gjerne la vera å bekymra seg altfor mykje om framtida, seier ho.
Kidnapping
Difor bekymrar ho seg heller ikkje når ho i lesande stund er på veg til Manila. Sjølv kort tid etter kidnappinga av ein sotrabu i same landet.
- Nei, eg engstar meg ikkje, men det er klart vi må ta nokre førehandsreglar, seier ho. Eli anslår at ho på ti år har tilbrakt til saman halvtanna år på Filippinane. Det er ein naturleg del av det å ha ansvar for mannskap og bemanning.
"Roleg" er eit ord Eli kjenner seg fortruleg med. Som leiar er ho oppteken av å gje tillit til dei rundt seg.
- Eg har eit godt overblikk, men eg driv ikkje med detaljstyring. Dessutan her eg evna til å setja meg raskt inn i saker samtidig som eg kan ha den nødvendige avstanden, seier ho sjølvbetraktande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjarmerande
- Eg elskar Eli!
Orda kjem frå arrangementsansvarleg Line Andersen. Administrasjons- og prosjektansvarleg i Maritimt Forum svingar ei messingblank skipsklokke og passar på at speeddatingen går etter skjema.
- Eli er sjarmerande lite høg på seg sjølv, trass i at ho har nådd så langt som ho har gjort. Ho er stadig like audmjuk, støttande og oppmuntrande i møte med oss unge. Ho berre skryter av oss, seier Andersen.
Konfrontert med dei mange godorda frå andre damer i bransjen, vert Eli litt sjenert.
- Seier dei det? Det var veldig hyggeleg å høyra, svarer ho.
? Bergen er eit hovudsete i Noreg for maritim næring. Forenkla sagt er det alt ein må ha for å byggja og drifta eit skip. Det vera seg reiarlag, verft, utstyrsprodusentar og ulike tenester.
? Kvinner i kuling er eit rekrutteringsprosjekt for å få fleire kvinner inn i ein mannsdominert bransje. Har arrangert temakveldar med speeddating, foredrag og middag for kvinnelege studentar sidan 2011.