Joy Kvamme er keramikar og lærar i formgjevingsfaga ved Fusa vidaregåande. Her viser ho fram kulissar elevane har laga til ei musikalframsyning.
Joy Kvamme er keramikar og lærar i formgjevingsfaga ved Fusa vidaregåande. Her viser ho fram kulissar elevane har laga til ei musikalframsyning.

Nytt namn - same fag

Kunst, design og arkitektur er den nye nemninga når formgjevingsutdanninga ved Fusa vidaregåande endrar namn frå hausten av.

- Namneendringa er meint som ei presisering av faget og ikkje ei endring av innhaldet, forklarer rådgjevar ved skulen, Liv Nernæs.

Frå hausten 2016 skal Fusa vidaregåande dermed undervisa i programmet med namnet «Studieførebuande med kunst, design og arkitektur».

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er ein kreativ veg mot studiekompetanse og høgare utdanning, og faget erstattar det som sidan 2006 har blitt kalla «Studiespesialisering med formgjevingsfag». Studieløpet gir både den spesialiseringa ein treng om ein vil studera for å bli tannlege, ingeniør, eller andre fag som krev spesifikke fag, samtidig som ein får estetiske, kunstnariske fag med på kjøpet.

Nyttig i mange fagfelt

- Dette er ei studieførebuande utdanning der ein får fordjupa seg i realfag samtidig som ein får den spesialiseringa ein treng for å bli ingeniør om det er det ein vil. Samtidig får ein estetiske fag som kan vera nyttige, seier Nernæs.

Ho peikar på mellom anna arkitektutdanninga ved NTNU der det er krav om visse realfag for å koma inn.

- Estetiske fag er riktige og verdifulle innan mange ulike yrkesfag. Til dømes for lærarar og førskulelærarar, legg rektor Tor Johannes Hjertnes til.

- Uansett kva veg ein vel vil ein ha nytte av å ha dei estetiske faga med seg. Dei får ein alltid glede av innan andre fagfelt, seier Nernæs.

Ho kan også fortelja at fagplanen er ny, men svært lite er endra. Dermed er det i hovudsak same faget som før.

- Som å sykla

Lærar Joy Kvamme fortel at ein ikkje treng noko forkunnskap for å byrja på studieførebuande med kunst, design og arkitektur.

- Enkelte har interessa før dei kjem, men mange har det ikkje. Å læra å teikna er som å læra å sykla. Alle kan klare det, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho meiner mange fleire burde ha visuelle fag som ein del av utdanninga si.

- Ta for eksempel tannlegar som skal tenkja estetikk i munnen, eller, sånn som den eleven eg hadde som ville bli radiolog. Eg sa "du kjem til å bli den beste radiologen av dei alle, etter at du har utvikla det visuelle blikket ditt her. Ingen kjem til å vera så god til å lesa røntgenbileta som du".

Ein av fire

Fusa vidaregåande er ein av berre fire skular i Hordaland som har dette tilbodet.

- Og det er berre oss i det sørlege området av fylket, seier Nernæs.

Mange gutar vel å utdanna seg innan grafisk design, arkitektur, filmproduksjon og andre kreative felt. Likevel har dei til no sett eit svært tradisjonelt kjønnsrollemønster ved Fusa vidaregåande, med at gutar vel mekaniske fag, industri og liknande, medan dei som har søkt seg til formgjevingslinja i hovudsak har vore jenter.

Nernæs og og Hjertnes håper at dei med namneendringa kanskje etter kvart kan få fleire gutar til å få augene opp for denne utdanningsvegen.

- Eg har eit håp om at gutar også vil sjå at det er positivt med estetiske fag, avsluttar Hjertnes.