Kvinna frå Os var ein av tre heldige vinnarar som kvar fekk 4.663.745 kroner i Lotto i kveld.
Kvinna frå Os var ein av tre heldige vinnarar som kvar fekk 4.663.745 kroner i Lotto i kveld.

Ung Os-kvinne vart Lotto-millionær

Ei småbarnsmor frå Os vart i kveld 4,7 millionar rikare medan ho såg film med ungane.

Ei kvinne i 20-åra frå Os fekk i kveld telefonen mange drøymer om, melderBA.no.

- Gratulerer, du har vunnet 4.663.745 kroner i Lotto i kveld, sa Norsk Tipping då dei ringte.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hæ, kva, er det sant? No byrjar eg å gråta, svarte Os-kvinna, i følgjeNorsk Tipping

Kvinna var heime med mann og barn og då den overraskande, men hyggelege telefonen kom, satt ho i sofaen med ungane og såg filmen Madagaskar.

- Dette er berre fantastisk! Eg er fast Lotto-spelar, men hadde aldri trudd eg skulle koma i denne situasjonen, skal ho ha sagt i ekstase.

Pengene skal ho bruka til nedbetaling av lån. Men ein ferietur for heile familien blir det også.

- Eg har håpa på å innkassera eit par tusen, men aldri noko i nærleiken av denne summen. Eg må innrømma at eg skjelv no, opplyser Norsk Tipping at ho sa.

Kvinna leverte vinnarkupongen på mobil 28. september. 

Potten laurdag var på kring 14 millionar kroner. Den vart delt på tre vinnare, som alle er under 35 år. Dei andre vinnarane er ein mann i 20-åra frå Østfold og ei kvinne i 30-åra frå Oslo.