Gratis skulefrukost er ei viktig sak for fellesskapet og miljøa på skulane våre.
Gratis skulefrukost er ei viktig sak for fellesskapet og miljøa på skulane våre.

Vil Høgre og Frp ta gratis skulefrukost frå over 1000 ungdommar på vidaregåande skular i Bjørnafjorden etter valet?

Marie Bruarøy, eg utfordrar deg på om du og Vestland Høgre meiner at skulefrukosten ungdommane i Bjørnafjorden får fortsatt er «tullete» pengebruk?

Vil Høgre ta gratis skulefrukost frå over 1000 ungdommar på vidaregåande i Bjørnafjorden om dei kjem til makta?

Høgre har fjerna skulemat i sitt alternative budsjett til Fylkestinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Høgre har tidlegare uttalt tilNRK at dei meiner gratis skulefrukost er «tullete pengebruk».

• Høgre fjerna skulefrukosten i sittalternative budsjettet for 2019 på fylkestinget.

Arbeidarpartiet i Vestland vil syta for at ungdommane i heile fylket framleis vil få tilbod om gratis skulefrukost på dei vidaregåande skulane. Det har vore ei gradvis opptrapping av tilbodet sidan 2016 og no skal det sjølvsagt gjelda for heile Vestland.

Dette er ei viktig sak for fellesskapet og miljøa på skulane våre. Dei vidaregåande skulane i Bjørnafjorden og resten av fylket gjev gode tilbakemeldingar.

• Arbeiderpartiet og samarbeidspartia har innført gratis skulefrukost på alle vidaregåande skular i Hordaland. Dette har vore ei gradvis opptrapping siden 2016. Prislapp: 8,5 millioner totalt. 2,80 kroner per elev per dag.

Ein ny forskningsrapport viser at gratis skulemat reduserer forskjellar.Dei har understreka kor viktig det er at skulematen er gratis.

Ei BT-sak frå Osterøy fortel korleis skulen opplever meir fellesskap og betre oppmøte.

Terje Søviknes, kva meiner du og Frp? Du er jo allereie fylkespolitikar i Hordaland og stiller til val som Fylkesordførar i Vestland. Vil du ta ifrå over 1000 Bjørnafjordsungdommar gratis skulefrukost på vidaregåande?

Artikkelen held fram under annonsen.

Marie Bruarøy og Terje Søviknes, spørsmålet er enkelt å svara på: JA eller NEI til gratis skulefrukost på alle vidaregåande skular i Vestland?

Dette meiner eg at ungdommane i Bjørnafjorden (og foreldra deira) må få svar på i god tid før valet 9.september.

Trine Lindborg

Ordførarkandidat

Bjørnafjorden Arbeidarparti