Fusaferja ute på anbod
Drifta av ferja mellom Hatvik og Venjaneset vart lyst ut på anbod torsdag denne veka.
Tilbodsfristen er sett til 7. juni 2016.
Deretter blir det forhandlingar i veke 35-37 (frå siste veka i august til i midten av september).
Artikkelen held fram under annonsen.
Tildelinga skal skje i starten av oktober og er tidfesta til veke 40. Signering av avtalen blir fire veker seinare.
- Drift av ferjesambanda i Hordaland vil bli inndelt i 4-5 kontraktar, fordelt på to konkurransar, opplyser pressekontakt i Skyss, Ingrid Dreyer.
Drift av 8 av dei 17 sambanda - der Hatvik-Venjaneset er eitt av dei - vart torsdag gjort tilgjengeleg på Doffin. Dette er omtalt som rutepakke 1 og rutepakke 4.