Stengde rullestolbrukar (9) ute: - Var aldri vår intensjon
I helga vart Nora Oliva Tillung Meyer (9) vist vekk frå fotballbanen på Lysekloster idrettsanlegg to dagar på rad på grunn av rullestolkøyring. Styreleiar i idrettslaget, Bjørn Samdal, understrekar at idrettslaget aldri har hatt til intensjon å utestengja nokon.
- Sportssjefen var krystallklar på at rullestol er forbode på banen, seier mor til Nora, Randi Helene Tillung.
Ho meiner idrettslaget må ordna opp i saka som, sidan ho la ut eit innlegg på Facebook-sida si sundag ettermiddag, har vorte omtalt av BA, NRK og Dagbladet. Innlegget har i tillegg blitt delt 190 gongar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nora leika på fotballbanen i lag med vener då ho vart bortvist for første gong fredag. Laurdag skjedde det same igjen.
- Då eg oppsøkte sportsleg leiar, Svein Kollen, i kiosken til idrettslaget laurdag, fekk eg beskjed om at det var forbode med rullestol på banen. Eg bad om å få det skriftleg, men fekk til svar at det heldt å få det muntleg, seier Tillung.
Ho meiner det har oppstått ei uheldig misforståing, og at andre også har fått inntrykk av at det er forbode å bruka rullestol på banen.
- Sportssjefen er ikkje den einaste som har gjeve henne beskjed om å forlata banen, seier ho.
Tillung har i ettertid av episodane i helga bede idrettslaget om ei skriftleg utgreiing av regelen som seier at rullestolbrukarar ikkje kan ferdast på banen. Ho har førebels ikkje fått noko svar.
- Bryt lova
Tillung meiner saka har utvikla seg i ei negativ retning, og at påstanden frå sportssjefen om at bortvisinga skuldast uvørden køyring, ikkje stemmer.
- Idrettslaget må koma på banen og rydda opp. No trur både born og ungdom at det er forbode med rullestol på banen av di dei har høyrt det frå andre, seier Tillung.
Ho meiner eit eventuelt forbod bryt med diskriminerings- og tilgjengelegheitslova, og er overtydd om at idrettsforbundet og fotballforbundet kan vera behjelpelege med ei oppklaring av kva reglar som eigentleg gjeld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sidan Tillung la ut innlegget på Facebook-sida si sundag, har ho fått støtteerklæringar frå heile landet.
- Støtta har vore enorm. Det er mange folk som eg ikkje kjenner ein gong som har teke kontakt, seier ho og legg til:
- Dette handlar om å gje born i rullestol arenaer å leika på slik at dei ikkje vert sett på sidelina. Det er på ingen måte snakk om noko vill leik. På fotballbanen er det oversiktleg og fint, og rullestolen går i 10 kilometer i timen. Det er veldig lite farleg.
Tillung meiner born i rullestol òg må få lov til å ut utfolda seg.
- Dette er Nora sin måte å løpa på. Det er den einaste måten ho kan løpa på, og er naudsynt for at ho også skal få høve til å oppleva leik, meistring og idrett, seier ho.
Tillung seier at beskjeden ho fekk om årsaka til forbodet var at ein ønskte å unngå slitasje og skadar på anlegget.
- Å påstå noko anna, er uredeleg, meiner ho.
- Ope for alle
Svein Kollen i Lysekloster idrettslag ønskjer ikkje å uttala seg meir i saka. Han viser vidare til styreleiar Bjørn Samdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har ikkje vore til stades i helga, og kjenner ikkje detaljane i det som har skjedd, men det eg kan seia på generelt grunnlag, og frå styret sin ståstad, er at idrettslaget skal vera ope for alle, både funksjonsfriske og funksjonshemma, seier Samdal og legg til:
- Vi har eit tett og godt samarbeid med Lysekloster barneskule om tilrettelegging av aktivitetar og bruk av banen i friminutta. Dette er heilt uproblematisk. Styret synest det er veldig kjekt at vi har eit anlegg som kan vera til glede for store og små.
Samstundes er idrettslaget oppteken av at anlegget vert ivareteken, og av at borna skal ha det kjekt utan at det skal oppstå farlege situasjonar.
- Om det gjer det, er dei vaksne som er til stades, nøydde til å gripa inn, seier han.
Samdal understrekar at idrettslaget aldri har hatt til intensjon å utestengja nokon.
- No skal eg setja meg ned i lag med mor til Nora og prøva og nøsta opp i dette her. Eg er overtydd om at vi kan koma fram til ei god løysing slik at Nora, og andre funksjonshemma, kan halda fram med å bruka banen og anlegget, seier han.
Samdal trur saka skuldast ei misforståing, og peikar på at ein no må sjå framover og sørgja for at ein finn gode samarbeidsformer.