Veteranar i velvære
Karlotte og Laila har vore leiiande i velvære-tilbodet i Os i over 20 år. I dag tilbyr dei over 35 behandlingar.
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Då Karlotte Møgster og Laila Moberg starta Kali Hud & Helseterapi i 1995 var salong-arbeidet noko dei dreiv med på deltid. I dag har dei meir enn nok å gjera heile veka.
- Ja, etter at me for sju år sidan flytta ned på gateplan her vegg i vegg med Nordisk Rom har det gripe om seg. I dag har me to andre tilsette, samt seks konsulentar. Likevel er det berre så vidt me klarer å ta unna for etterspurnaden, seier Laila Moberg.
Breitt tilbod
Av dei noverande helseterapi-salongane i Os er det berre Os hud og hår som har vore lengre i bygda enn Kali. Men når det kjem til utval av behandlingstilbod er Kali-jentene truleg størst.
- Ein skal alltid vera forsiktig med å seia slikt, men eg trur nok me har det breiaste tilbodet av behandlings-former i Os. Alt i alt har me kring 35, seier Karlotte Møgster.
Karlotte og Laila har kvar sine fagfelt. Begge har sjølvsagt utvida repertoaret sidan dei starta.
- Laila driv med ulike former for polynesisk kroppsbehandling, og har etter kvart opparbeidd seg veldig stor erfaring innan dette feltet. Sjølv har eg snart drive med fot- og hud-terapi i 39 år, så, jaudå, du kan gjerne kalla oss veteranar i faget, smiler Karlotte.
Litt mindre sal
Endringane i sentrumsbiletet på Osøyro har dei merka. Vanlege stikka-innom-kundar er det færre med.
- Jo, det er ikkje så mykje folk på Osøyro som det var før, så me håpar jo berre på fleire butikkar og meir liv igjen, no i samband med «Liv på Øyro»-satsinga, seier Karlotte.
Artikkelen held fram under annonsen.
- På salsdelen har me nok merkt ein nedgang, men etterspurnaden på behandlingar er minst like stor som før, truleg større, så me klagar ikkje, seier Laila.
Med fem behandlingsrom, mellom anna eit eige spesielt for funksjonshemma, har dei bra kapasitet. Men det er sjeldan dei har ledige timar på dagen.
- Det må vera unntaksvis. Som regel må ein bestilla litt i førevegen, seier Laila.
Lojale kundar
Dei to har etter kvart fått ein stor, fast kundeskare, og er glade for alle sine lojale kundar.
- Me er heldige som har kundar som er trygge på Laila og meg, men samstundes prøver me stadig å selja inn våre andre tilsette. Dei er veldig flinke dei også, så litt av utfordringa av og til er å fordela kundane på fleire terapeutar, seier Karlotta.
Også i nasjonalitet og alder kan Kali tilby eit breitt spekter av behandlarar.
- Me er stolte av å seia at me har eit fleirkulturelt arbeidsmiljø. I tillegg til norske medarbeidarar har me no behandlarar frå Syria, Litauen, Polen og Tyskland. Me trur det at me er fleirsidig, gjer oss betre, konkluderer Laila.