Massivt fleirtal mot sundagsopne butikkar
- Dette handlar ikkje om å leggja begrensningar på handlefridomen, men å verna om mange tilsette sin rett til å ha ein annleis dag, sa Helge Olav Nygard (KrF). Han fekk med seg ein stor majoritet av representantane i kommunestyret, med unntak for sju personar i den blåblå alliansen.
Både Frp og Høgre hadde fristilt gruppene sine i saka om ja eller nei til sundagsopne butikkar. Og den eine etter den andre leverte det ordførar Terje Søviknes omtalte som "vitnesbyrd" for eller mot. Til glede for ein samla opposisjon gjekk både frp-arar og høgrefolk på talarstolen og talte for å halda på sundagen som ein annleis dag.
Mellom andre Oddgeir Bjoarvik (Frp). Han viste til ei nasjonal meiningsmåling som synte at eit stort fleirt fleirtal ønskjer å halda på sundagen som ein annleis dag til kvile og familieliv.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Marknaden vert heller ikkje større ved å gjera eit slikt grep. Me klarer ikkje å eta meir mat enn me gjer i dag.
Helge Olav Nygard (KrF) formulerte det same poenget, endå spissare.
- Enten prøver ein å auka konsumet, eller så ønskjer ein å ha fleire dagar å handla på - altså mindre effektiv handling. Ingen av delene verkar særleg lurt, sa Nygard.
- Ikkje detaljstyr min sundag!
Men så var det også nokre frp-arar og ein høgremann som gjekk i mot det breie fleirtalet som etter kvart gav seg til kjenne mot sundagshandling.
- Eg hugsar den gongen eg måtte reisa til Kalandseid for å kunna kjøpa øl. Det var ikkje tillate på Os. Ingen ønskjer seg vel tilbake til den tida? spurde Bjørn Matland (H).
- Og ingen skal koma og fortelja meg at eg må bruka sundagen til å gå tur! Eg må få lov til å gjera det eg vil. Det provoserer meg i denne saka, la han til.
Nygard svarte at det ikkje var for å avgrensa enkeltindividets fridom at han gjekk inn for å halda på dagens ordning.
- Me er ikkje ute etter å detaljstyra kva representanten Matland skal bruka sundagen til. Men tenk på alle dei som må på jobb berre for at du skal ha full frihet til å handla på ein sundag, sa han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Matland svarte at han ikkje trudde at det var omsynet til arbeidande som gjorde at KrF stilte seg som dei gjorde, og Gustav Bahus (Frp) sa det beint fram: "det er kanskje omsynet til det tredje bodet som gjer at KrF seier som dei gjer".
Pluss og minus for næringslivet
Anders Hjelle (TvS) tok til orde for å ta omsyn til dei små bransjebutikkane. Han driv sjølv ein målarforretning, og nevnte at ein alt i dag er under press når ein må halda ope frå 10 til 20 på kvardagar i eit kjøpesenter og til 18 på laurdagar.
- Hadde me måtta halde ope også på sundagar, trur eg det hadde vore kroken på døra for mange bransjebutikkar. Slike butikkar krev høg kompetanse, og dei kan ikkje berre hyra inn ein vikar utan grundig opplæring, sa Hjelle.
Terje Søviknes peikte på at store kjeder som Norgesgruppen og Rema 1000 kunne tenkja seg å halda ope på sundagar, bl.a. fordi dei har ferskvarediskar. Espen Aspenes (Frp) meinte det var urettferdig slik det er i dag, når enkelte aktørar får lov å halda ope på sundagane.
- Brustadbuer, bensinstasjonar og Plantasjen får halda ope på sundagar. Hageforretningane sel jo mykje som er i direkte konkurranse med Sælen eller Jernia. Kvifor skal ikkje dei få lov å konkurrera på like vilkår, spurde Aspenes.
- Det er å ta til i feil ende, innvendte Jon Sivert Rykkel (V). - Dersom ein meiner det er urettferdig, kvifor ikkje ta tak i det problemet og seia at dei også bør halda stengt på sundagen? Det ville vore mykje meir logisk, sa Rykkel.
Uhøyrt røysting
Røystinga vart nokså uvanleg til Os kommunestyre å vera. Framlegget frå Frp/H regjeringa fekk ikkje fleirtal blant Frp/H-representantane lokalt. Berre 7 (6 Frp og 1 Høgre) representantar stemte for regjeringa sitt framlegg om frislepp på sundagane. Terje Søviknes åleine stemte for at dette skal bestemmast lokalt, noko som utløyste eit kraftig latterskrall i salen. Deretter røysta dei 27 øvrige representantane for å seia nei til sundagsopne butikkar. KrF fekk også ein bonus ved at deira framlegg til høyringsuttale vart vedteke med 24 røyster.