Gustav Bahus (Frp) og Harald Døsen (Ap) diskuterte vilkåra for at Olav Botnevik skal få erstatning av jorda han mistar. (Arkivfoto)
Gustav Bahus (Frp) og Harald Døsen (Ap) diskuterte vilkåra for at Olav Botnevik skal få erstatning av jorda han mistar. (Arkivfoto)

Diskuterte tap av matjord og "snik-ekspropriasjon"

Om landbruksareal kan erstattast og om administrasjonen prøvde å ekspropriera ei tomt utan lov, var hovudfokuset då politikarane diskuterte nye Kuventræ sentralidrettsanlegg.

Plan og bygningsutvalet hadde i går områdereguleringa for det nye sentralidrettsanlegget på sitt bord. Sjølv om hovudpoenget med reguleringa er ny idrettshall, friidrettsbane og klubbhus, samt oppgradering av vegsystemet og ny parkeringsløysing - handla diskusjonen i plan- og bygningsutvalet om andre ting.

Roa ned betent tema

Freden hadde senka seg over det tidlegare betente temaet om kor vidt Kuventrævegen skal opnast for gjennomgangstrafikk. Ganske enkelt ved at administrasjonen og politikarane har slått frå seg denne ideen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er veldig positivt at ein har kome fram til denne avklaringa med naboane, sa Trine Lindborg (Ap).

Vil erstatta landbruksareal

Men politikarane var ikkje heilt nøgde, og hadde ein del spørsmål. Av planforslaget går det fram at omlegging av Idrettsvegen medfører at ein mindre del av LNF-område vert omdisponert til formål for samferdsel og teknisk infrastruktur. Men bonde Olav Botnevik varein av mange som sende inn tilsvar. Der gjekk det fram at han ønskjer å utvikla si verksemd, og har ikkje areal å avstå.

- Er vilkåra for avståing av grunn og erstatning av grunn avklara med Botnevik? Dersom han ikkje vil avstå, må ein vel ty til ekspropriasjon, sa Harald Døsen (Ap).

- Me har hatt fleire møte med han. Det er lagt inn erstatningsareal på offentleg areal aust for omsorgsbustadene (Grantun), som blir omdisponert til landbruk, svara plansjef Asle Andås.

- Stolar på administrasjonen

Terje Sperrevik (TvS) og Døsen meinte at ein avtale med Botnevik burde liggja føre FØR ein la områdereguleringa ut for offentleg ettersyn. Gustav Bahus (Frp) trudde ikkje at dette ville bli eit stort problem.

- Når Andås seier at dei har god dialog med Botnevik, så stolar eg faktisk på det. Eg trur også at det er betre landbruksareal han får enn det han må avstå, sa Bahus.

- Det har ikkje du utdanning til å vita, svara Døsen.

- Snikinnføring av ekspropriasjon

Politikarane var deretter overraska over at ei privat tomt nord i planområdet var gått frå gult til grønt, dvs. frå bustad til idrettsføremål.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då eg såg det tenkte eg at dette vel måtte vera ei feiltaking, sa Trine Lindborg.

Men svaret frå administrasjonen tydde på at det var gjort med vitande og vilje.

- Me meiner det er den beste løysinga sett i eit langsiktig perspektiv. Me er klare over diskusjonen, og at dei som bur der ønskjer å bu der. I planen legg me opp til at tomta i framtida kan bli ein del av idrettsanlegget, dersom tomta blir løyst inn, sa Andås.

- Kva då med verdien for dei som eig tomta? Dei som sit på eigedommen kan ikkje selja han til noko som helst, dersom det er fare for at tomta blir grøn. Dette likar eg forholdsvis dårleg, sa Døsen.

- Ein kan ikkje merka tomta grøn, og så seinare ekspropriera. Det blir snikinnføring av ekspropriasjon, sa Kristin Søfteland-Larsson (H), som også har ekspertise på feltet i kraft av jobben sin i Statens Vegvesen.

Røysting

Administrasjonen hadde ikkje noko godt svar, og Espen Aspenes (Frp) avrunda diskusjonen ved å konstatera at dette var eit lite moment i ein stor og viktig plan.

- Hovudfokus er jo ein ny idrettshall, sa han.

Frp/H føreslo dermed å endra administrasjonens framlegg når det gjaldt tomta, slik at ho blir verande gul. Terje Sperrevik (TvS) føreslo derimot å senda planen til vask. Røystinga vart 5 mot 4 (posisjon mot opposisjon), og det vart dermed vedteke å senda områdereguleringa ut på offentleg ettersyn.