Elevane ved Hegglandsdalen skule hadde god grunn til å jubla over innsatsen på Kyrkjeflaten sist onsdag. No er det klart at gjengen var med på å setja verdsrekord.
Elevane ved Hegglandsdalen skule hadde god grunn til å jubla over innsatsen på Kyrkjeflaten sist onsdag. No er det klart at gjengen var med på å setja verdsrekord.

Hegglandsdalen-elevar sette verdsrekord

Med 121 deltakarar på Kyrkjeflaten var Os Orientering sist veke med på å setja verdsrekord i orientering.

Det verdsomspennande rekordforsøket vart avslutta seint sist onsdag kveld, men først i kveld (fredag 20. mai) går fristen ut for å registrera dei som var orienteringsaktive dagen då arrangementet fann stad.

- Alt no kan me slå fast at det aldri har vore fleire orienteringsaktive i løpet av ein dag verda over. Den gamle rekorden lydde på 207.979. No er talet for sist onsdags arrangement kome opp i 228.808, og fleire blir det nok fram mot tidsfristen for registrering, seier leiar i Os Orienteringsklubb, Tommy Sævareid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beste bidrag i Hordaland

Med sine 121 registrerte deltakarar på Kyrkjeflaten var Os Orienteringsklubb den klubben i Hordaland som bidrog best til rekordforsøket. På landsbasis kunne Norges Orienteringsforbund senda inn ei liste med totalt 16.342 registrerte orienteringsaktive.

- Me i Os OK er kjempenøgde med resultatet. Me synest det var ei ekstra fjør i hatten at me var beste klubb i Hordaland, seier Sævareid.

Han sender ein ekstra takk til to solide deltakar-grupper.

Leiar i Os Orienteringsklubb, Tommy Sævareid, var godt nøgd med oppmøte på Kyrkjeflaten sist onsdag. No fredag kunne han melda om ny verdsrekord.
Leiar i Os Orienteringsklubb, Tommy Sævareid, var godt nøgd med oppmøte på Kyrkjeflaten sist onsdag. No fredag kunne han melda om ny verdsrekord.
Espen Rognsvåg har lang fartstid innan orientering. No er han blitt sportsleg ansvarleg i Os OK.
Espen Rognsvåg har lang fartstid innan orientering. No er han blitt sportsleg ansvarleg i Os OK.

- Både Hegglandsdalen skule og Flåten Naturbarnehage deltok med mange born. Dei skal ha stor takk for innsatsen, seier han.

Totalt 79 land var med på rekordforsøket sist onsdag. Ifølgje Sævareid vert det ny orienterings-rekorddag verda over neste år.

- Det overordna målet var å klara å få 250.000 til å vera med på orienteringsaktivitet. Det talet når me nok ikkje i år, men neste år - med endå litt meir blest om arrangementet, vil det gå heilt fint, trur Sævareid.

Ny sportsleg leiar

Os Orienteringsklubb er elles i fin utvikling. Nyleg fekk dei sitt 45. medlem. På sikt ønskjer dei 200.

- Me har sett oss som mål at ein prosent av folket i Os skal vera medlemer av Os OK. Med 20.000 i bygda, vert talet då 200. Det bør vera overkomeleg, seier Sævareid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er stolt over å leggja til at klubben no har fått sportsleg leiar og hovudtrenar i ein og same person.

- Espen Rognsvåg får hovudansvaret for utviklinga av orienteringsløparar i klubben. Me er veldig glade for at han tek på seg dei verva. Espen har utdanning innan idrett og har i tillegg drive med både orientering og bakkeløp i mange år. Han er ein kapasitet, skryter Sævareid.