Fyrverkeriet blir gjennomført som planlagt
Vinden set ingen stopper for kveldens fyrverkeri i Os hamn så langt.
- Felles fyverkeri blir gjennomført som planlagt i kveld kl.18.00. ProPyro er i gang med rigginga no, men vil saman med brannsjefen følgja nøye med på veret dei neste timane, og melder i frå dersom det blir endringar, skriv kommunen på sine heimesider.