Full trøkk i pakkefabrikken
Med god hjelp frå flaskeinnsamlarane i Øyane kom julepakke-pakkarane på Nore Neset i mål onsdag kveld.
- Ein skulle alltid ønskt at ein hadde kunne samla inn meir, men folk har vore svært gåvmilde, og dette var det me rakk å få samla og pakka denne gong, seier Maren Engelsen.
Ho kjenner litt på det faktum at dei samla inn fleire julegåver i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I fjor var eit rekordår. Litt av grunnen var at mange i Nore Neset-området kjøpte såkalla «Stjernepakkar» av idrettslaget, som dei igjen gav til gåveinnsamlarane i Torvhola i Nore Neset Aktivitetshus.
- Me har uansett klart å laga til rundt 100 julekorgar, pluss 200 småpakkar, så me er uansett godt nøgd, seier Engelsen.
Fjerde året
Det er andre året på rad at lysefjordingen er med på julegåveinnsamling for vanskelegstilte i Os. Initiativtakar Birte Særvoll Pedersen har halde på i fire.
- Dei to første åra hadde Birte pakkesentral i eiga hus. Det vart vel mykje styr. No har me ein betre ordning der me har base og pakkemotak her i Torvhola, seier Engelsen.
I lag med Birte og søsteraren hennar, Irene Særvoll Halvorsen gjer Maren seg klar for utkøyring av pakkar på torsdag.
- Det er bra opplegg på dette i år. I går og i dag har me hatt hovudinnsamling og pakking her i Torvohola. I morgon deltek me på utkøyring i lag med organisasjonen «Hjelp til og hjelpa Os og Fusa» og fleire private hjelpsame støttespelarar og sponsorar, fortel Engelsen.
Gode flaskeinnsamlarar
Til liks med i fjor fekk julekorg-gjengen også i år hjelp frå ei gruppe ivrige og flinke flaskesamlarar i Øyane. Ved hjelp av annonsering på «Aktive Øyane»-sida på «Facebook» fekk dei sambygdingane til å setja fram store mengder poser med flasker. Totalt samla dei inn for 8.000 kroner. Det er kring 1.500 meir enn dei klarte i fjor.
Då gjengen dukka opp i Torvhola torsdag kveld hadde dei kjøpt store mengder gåver som dei overrekte pakkesentral-leiinga i første høgde i Nore Neset Aktivitetshus.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med gode rabattar fekk dei kjøpt overraskande mykje på MX-Sport, Stadion Sport og leikebutikken Ringo på AMFI Os.
- Me i Øyane er glade me kan hjelpa, men det borna våre og me foreldre gjer kan ikkje måla seg med den innsatsen Birte og Maren legg ned. Det er berre å ta av seg hatten for all den tid og krefter dei bruker for å gleda andre i jula, skryter Maj-Linn Vedholm.