Til Oseana for fyrste gong
For fyrste gong inviterer Oseana til framsyning av klassikaren Nøtteknekkeren - av og med unge lovande kunstnarar.
- Vi er veldig glade for å kunne ta i mot denne framsyninga her på Oseana, seier direktør Ole Tobias Lindeberg.
- Det er fyrste gongen Nøtteknekkeren blir vist på scena hos oss, og kven veit - kanskje skapar vi ein ny førjulstradisjon her på Os, kommenterer Lindeberg i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Storsatsing
Nøtteknekkeren har i 13. sesongar vore Bergen Kulturskule si storsatsing, i samarbeid med Grieghallen - og Bergen Filharmoniske orkester.
Ingen jul utan sitt kjende eventyr om Nøtteknekkeren!
Den tradisjonsrike juleballetten av Tsjajkovskij og E.T Hoffmann er ein fast tradisjon for mange barnefamiliar i førjulstida, og er sett av nærare 85.000 bergensarar.
Nytt av året er at produksjonen får heilt ny scenografi med lys og digitale bilete som hovudelement.
Det har også vore eit ønske å visa balletten fleire stader i Hordaland og i år vil den altså for fyste gong bli framført utanfor Bergen, i Os.
Over 40 dansarar frå fordjupningsprogrammet i dans ved Bergen kulturskole trenar no hardt fram mot premieren den 16. desember.
- Spektakulær scenografi
I år framstår balletten i tillegg med ny scenografi.
- Designteamet Polkapixel har designa og animert ein digital og spektakulær scenografi som tek publikum med inn i ei vakker eventyrverd, heiter det i pressemeldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Handlinga i Nøtteknekkeren er lagt til eit juleselskap der det dukkar opp spennande gjestar - trollmannen Drosselmeyer, Klara som lurer på kva ho får til jul, hekser og dokker, mus og soldatar, prinsen og prinsessa, rottekongen og sjølvsagt nøtteknekkaren i eigen person.
Framsyningane vert i Oseana fredag 16. og søndag 18. desember.s