Er det - etter 17 år - klart for ordførarskifte i Os? Marie Bruarøy er førebudd, dersom Terje Søviknes vert minister.
Er det - etter 17 år - klart for ordførarskifte i Os? Marie Bruarøy er førebudd, dersom Terje Søviknes vert minister.

Klar, VISS Søviknes blir statsråd

Varaordførar Marie Bruarøy (H) tek over roret dersom Terje Søviknes no vert statsråd. - Me avventar situasjonen, men er sjølvsagt førebudde dersom dette vert utfallet, seier Bruarøy.

I avtalen mellom Høgre og Frp går det fram at Høgre skal ha ordføraren dersom Terje Søviknes tek permisjon eller søkjer fritak frå vervet som ordførar. Marie Bruarøy har sjølvsagt fått med seg spekulasjonane, men "veit ikkje noko meir enn oss andre".

- Me avventar ei avklaring, men er sjølvsagt førebudde. Det har me vore heilt sidan valet, seier Bruarøy og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har tenkt lenge at Terje er ein av dei beste politikarane Frp har, og er slett ikkje overraska over at han er aktuell for ein ministerpost. Det er jo nettopp grunnen til at me i avtalen mellom H og Frp har fått inn punktet om at me overtek ordførarvervet dersom det vert saka. Og eg er sikker på at han vil gjera ein glitrande jobb dersom det vert aktuelt.

- Har du tenkt noko på korleis det eventuelt vert å ta over etter Terje no når dette kom opp?

- Ne, det har eg ikkje. Alt til si tid. Me får venta og sjå om han vert spurt og om han takkar ja.