Det var ein stolt gjeng med barnehageborn som mottok sjekken på 5.000 kroner torsdag ettermiddag.
Det var ein stolt gjeng med barnehageborn som mottok sjekken på 5.000 kroner torsdag ettermiddag.

God handvask gav god avkastning

God hygiene og fokus på handvask kan løna seg. Torsdag fekk Skorvatjørno FUS barnehage 5.000 kroner.

- Me har lært å bli gode på å vaska hendene. Og me har til og med lært mammaene og pappaene våre, seier Louise, Tuva og Tora Helen.

Handvaske-song

I strålande solskin tok nøgde barnehageborn og tilsette i barnehagen på Nore Neset imot diplom og ein sjekk på 5.000 kroner for godt arbeid med å vaska og stella hendene. Gåva vart overrekt av Vivian Sandvik og Haldis Lillefosse frå Etat for helsetjenester i Bergen kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ifølgje dei som jobbar her har de vore veldig flinke til å vaska hendene. I tillegg har de visst lært ein song, undra Sandvik frå Bergen kommune.

- Jaudå, dei kan songen, kvitterte pedagogisk leiar i barnehagen, Kjersti Strønen.

Deretter song dei nær 50 barnehageborna «Vaske alle fingre. 1-2-3-4-5. Mellomrom og håndflate, og fingre om igjen» på «Lisa gikk til skolen»-melodien.

Louise, Tuva og Tora Helen viser at dei framleis er flinke til å vaska seg på hendene.
Louise, Tuva og Tora Helen viser at dei framleis er flinke til å vaska seg på hendene.
Vivian Sandvik (t.h.) og Halldis Lillefosse fortel borna i Skorvatjørno FUS barnehage kvifor dei kjem på besøk.
Vivian Sandvik (t.h.) og Halldis Lillefosse fortel borna i Skorvatjørno FUS barnehage kvifor dei kjem på besøk.
Her har barnehageborna teikna bakteriar.
Her har barnehageborna teikna bakteriar.

Teikna bakteriar

Totalt 58 barnehagar i Bergen og omeign var med på Bergen kommune sitt «Rein hånd»-prosjekt denne hausten. Skorvatjørno FUS barnehage var ein av tre som fekk sjekk for god innsats.

- Det er tredje året me har dette prosjektet. Effekten er veldig god. Me ser at det jamt over vert meir fokus på reinhald og det og beskytta seg mot bakteriar i barnehagane, seier Vivian Sandvik.

I barnehagen på Nore Neset har dei lært litt om kva bakteriar eigentleg er.

- Dei har forstått at det er noko som ikkje er bra å ha med seg på hendene. I samband med prosjektet fekk borna i oppgåve og teikna bakteriar og å svara på spørsmål om handvask og kvardagsleg hygiene, fortel Kjersti Strønen.

For at det er lurt å vera flink til å vaska hendene, er det liten tvil om.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I samband med det store Giardia-utbrotet i Bergen i 2004 var det veldig fokus på det å vaska hendene. I ettertid viser tal frå Folkehelseinstituttet at det på denne tida aldri har vore så få sjuke bergensarar, fortel Haldis Lillefosse.

- Folk er klar over det, men treng berre stadige påminningar, legg Vivian Sandvik til.

Skal bruka tid

Etter at Sandvik og Lillefosse hadde overrekt sjekken fekk dei tilsette i barnehagen spørsmål om kva dei skulle bruka pengane på.

- Du, det har me rett og slett ikkje bestemt oss for enno. Me fekk melding om premien i går, så det har gått rimeleg kjapt, seier Strønen.

Ho og kollegaen var etterpå samde om at dei skulle bruka litt tid på å finna på noko morosamt som alle dei flinke handvaskar-borna kan få vera med på.