Trudi (86) entra scenen på spesial-trappetrinn laga av vaktmeisteren to minutt før start. Ho inntok scenen som om ho aldri hadde gjort noko anna. (Alle
Trudi (86) entra scenen på spesial-trappetrinn laga av vaktmeisteren to minutt før start. Ho inntok scenen som om ho aldri hadde gjort noko anna. (Alle

Trudi (86) tok catwalken med storm

Rullator er inga hindring for ein runde på catwalken. Berre spør Trudi (86) som var ein av mange modellar under moteshowet på Lurane i går.

Tysdag arrangerte Luranetunet og Kultureininga moteshow på Luranetunet for bebuarar, pårørande og tilsette.

Instinct, Moberg Sko, Interoptikk Bakketeig og Madam Ane hadde plukka ut klede til modellane dagen før, og stilte på Luranetunet med stativ fylte med klede og sko. Modelloppdraget hadde sjukeheimens eigne folk og eit par kjende andlet frå Øyro teke på seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Butikkinnehavar Tove Tvedt Skarstein fortel at heis etter heis med bebuarar kom opp til kantina, og litt over kl 17 var det så godt som fullt på stolar og i rullestolar, og med god hjelp frå Os Frivillighetssentral vart alle plasserte slik at dei skulle få sjå godt.

Initiativtakar til moteshowet var aktivitetskoordinator i Os kommune, Grete Byrkjeland. Ho tok også rolla som konferansier.

- Noko som ho på si vakre dialekt gjennomførte med stil, smiler Skarstein.

Modellane kom på catwalken og i bakgrunnen kunne dei frammøtte lytta til kjende tonar frå den gong då dei gjekk på dans eller lytta til musikk, og Skarstein fortel at det var tydeleg at mange kjende igjen musikken.

- Den aller tøffaste modellen denne kvelden var svigermor til Byrkjeland, Trudi, som entra scenen på spesial-trappetrinn laga av vaktmeisteren to minutt før start. Ho inntok scenen som om ho aldri hadde gjort noko anna. Dama er 86 år, kjem frå Nederland og elskar nye oppgåver og utfordringar, skryter Skarstein.

Ho nyttar samstundes høvet til å retta ein stor takk til Luranetunet, bebuarar, tilsette, administrasjon, Os kommune ved Grete Byrkjeland og Os Frivillighetssentral.

- Vi kjem gjerne tilbake ein annan gong, avsluttar ho på vegner av Instinct, Moberg Sko, Interoptikk Bakketeig og Madam Ane.