Stadig fleire bubilturistar kjem til Os - kommunen utvidar tilbodet
Bubilparkeringa på Haugsneset er full nær kvar helg. No ordnar kommunen fleire plassar.
- For å kunna ta i mot dei mange bubilturistane har me rett og slett kasta oss rundt og sett på høva for å setja av plassar til bubilar ved sida av den nye pop up-parken ved Essoen, fortel ordførar Marie Bruarøy.
Det nye tilbodet vil gjelda i helgene, frå fredag ettermiddag til måndag morgon. I hamna ligg det allereie til rette med straum.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette gjer me som eit ledd i turismesatsinga og for å kunna tiltrekkja oss endå fleire turistar til hamna og Os, seier Bruarøy, som understrekar at tilbodet berre gjeld i helgene, og at ein såleis ikkje skal beslagleggja p-plassar for handlande og arbeidstakarar i vekedagane.
jostein@osogfusa.no