Os mannskor på songartur til Østerrike og Italia
I midten av juni sette Os mannskor kursen for Østerrike og Italia, med både korsong, guida turar og sosialt samvær på programmet.
Fyrste målet var songarstemne i Lungano i Østerrike 12.-15. juni.
Dei fleste medlemene duppa og sov på flyturen til München, og ikkje alle fekk med seg alt på bussturen til lunsj i Salzburg. Flyavgang torsdag klokka 7 med ennå tidlegare bussavgang fra Os, var nok årsaka til dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter som bussen vår fossa oppover og framover, blei det meir og meir som ein tur langsmed ein vestlandsfjord med høge fjell pa begge sider. Fjordane var dog ikkje like blå.
Grøne, veldyrka marker med små, piktoreske landsbyar var kulissene kring motorvegen som førde oss til St. Michael, som skulle bli heimstaden vår dei neste fire dagane fram til sundag, og heimen vår, hotellet WastlWirt.
Festival
«Feuer und Stimme» var namnet på festivalen vi hadde meld oss på, men kva er eigentleg ein korfestival?
Denne var intemasjonal, og her var i tillegg til oss og austerrikske kor, kor frå Russland, Tyskland, Ungarn, m.fl.. Og det var mykje korsong - på plassar, i kyrkjer, i møtesalar, det var prosessjonar og det var endelause opnings- og avslutnings-presentasjonar der over 50 (!) kor skulle nemnast, og det var flotte faner, så noko nært «Bauekorps-framføring» blei det nok av og til.
Men konsertane i kyrkjer og i slottsborggårdar var av verkeleg fin korkvalitet, så summen av det kormusikalske er absolutt positiv.
Overveldande
Rama kring festivalen er likevel det dei fleste nok best vil minnast: Hotel Wastlwirt med spesiell og vakker innreiing og det alltid smilande og positive personalet var ei god plattform for opphaldet.
Rama omkring, den grøne og vide dalbotnen med smågardar, kyrkjer og slott rama inn av fjell opp mot over 1000 meters høgd over dalbotnen, var på same tid pittoresk og overveldande.
Lungano er eit verna område, så her er menneskeinngrepa begrensa. Dette får fram eit naturleg og spanande planteliv, samstundes som samfunnet er velregulert og effektivt. Vi fekk freiste oss som høgfjellsturistar og var med på fjellandakt og vanleg fottur i omlag 2000 m høgd. Vi var nok nokre medlemar som merka at vi ikkje lenger var 22 år, ja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til Italia
Sundagen kring lunsjtid starta bussturen til Italia gjennom Brennerpasset. Her fekk vi syn for at Noreg ikkje er åleine om å kunna kalla seg "fjelland"; Imponerande!
Desenzano var målet vårt og skulle bli heimstaden vår fram til torsdag morgon. Her låg fjellheimen eit stykke unna, men gav likevel ei imponerande innraming kring Gardasjøen. Hotellet vårt, «Villa Maria», gav oss hotellrom eller hytter og hadde gåavstand både til byen og til vatnet.
To guidar fylgde koret frå morgon til kveld. Dei var svenske, men smilande, flotte og dyktige jenter. Dei tok oss med på tur inn til nabobyen og på båttur pa Gardasjøen med fin guiding såvel i Sirmione som i Bardolino. Vi fekk også vera med dei på tur til ein vingard med vinsmaking, og til godt guida tur til Verona.
Herlege og avslappande dagar langs Gardasjøen tok slutt torsdag morgon. Då bar det med buss over norddelen av Posletta fram til flyplassen utfor Milano, og så bar det heim til same godveret vi hadde hatt på turen.
Os mannskor med korkoner takkar turoperatørar, hotell, guidar og lokale krefter der me kom, for ein fantastisk, flott tur!
Nils Henrik Tuastad