Verdsdagen for psykisk helse: Steikte vaflar til sikringen gjekk
– Det handlar om å gje noko til andre. I dag lagar me vaflar til alle i åttandeklasse, seier Lilly og Hedda på Nore Neset ungdomsskule.
I samband med verdsdagen for psykisk helse neste torsdag hadde elevane på valfaglinja Demokrati i praksis, førebudd ei hyggeleg overrasking for medelevane torsdag.
– Slagordet for verdsdagen for psykisk helse er «Gi tid». I dag gjer me noko for dei andre i åttandeklasse, smiler Lilly Skarstein Kjetland og Hedda Krukhaug.
Artikkelen held fram under annonsen.
Full guff på steikinga
Osen stod i taket inne på fellesrommet i åttandeklasse-korridoren. Seks-sju doble vaffeljern var i sving, og den eine ferdiglaga vaffelrøreposen vart opna etter den andre.
– Me har litt å gå på når det kjem til å ha nok smør på plata, ler Maria Lillefosse, Linnea Djupvik Søreide og Helene Klett.
Den doble vaffelen dei var i ferd med å steika likna meir på eit lappeteppe av deigklumpar.
Så vart det brått stopp i steikinga over heile linja.
– Sånn går det når ein skal gleda mange på ein gong. Her har me rett og slett roke ei sikring, humra valfaglærar Ann Kristin Mjøsund.
Gje av seg sjølve
I forkant av vaffelstuntet på torsdag hadde dei 14 elevane i Demokrati i praksis-klassen hengt opp ei rekkje plansjar over heile skulen. Plansjane skulle få medelevar, lærarar og anna personale til å reflektera litt over kva det vil seia å gje tid.
– Har de sjølv tenkt litt over det?
– Ja, det handler vel om å gleda andre. Ta seg tid til å lytta, seier Lilly.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er flink til å gje tid til vener, men ikkje alltid like flink med søsken og familie, humrar ho.
– Hedda skjøner at det heng saman med at ikkje alle får tid.
– Bodskapen er å ta seg tid til kvarandre. Ikkje alle har ein å prata med, seier ho.
Full servering
Etter at vaffeljerna igjen kunne gå for full maskin var det berre å gle seg til å gje medelevane ei overrasking.
– Meininga var at dette skulle vera hemmeleg, men eg er usikker på om elevane har klart å halda på det, seier lærar Ann Kristin.
– Eg har klart det.
– Eg har klart det.
– Eg har klart det, lyd det frå fleire hald, inntill det kjem frå bak i rommet:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kan vera eg røpte litt...
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no