Inviterer til ny ølfestival
Fjorårets ølfestival var godt besøkt. No gjentek Oseana suksessen, og inviterer til både festival og bryggekonkurranse.
- Responsen på fjorårets heimebryggar- konkurranse var formidabel, med over 40 påmelde brygg, så dette er tydelegvis noko som treff mange. Det er difor kjekt at vi kan vidareføre dette. To år på rad er jo ein tradisjon, seier arrangementsshef Berit Steen.
Eigen ølhund
I år som i fjor har Oseana huka inn sin eigen ølhund, Tarjei Skeie, som jury- og smaksformann.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Skeie veit kva han snakkar om. Han kan nemleg skilta med NM-tittel i klassen for stout og porter, samt andreplass i kåringa av årets heimebryggar 2015, fortel Steen.
Nytt av året er fleire klassar. I fjor var ein ute etter å finna det beste sommarølet. - Det gjeld framleis, men konkurransen vert delt opp i tre ulike klassar der det er viktigare å treffa innanfor ein gitt ølsjangar, forklarer Tarjei Skeie.
Norbrygg sine typedefinisjonar vert lagt til grunn. Dei tre klassene det skal konkurrerast i, er: Lys lager, Lys ale og Kveiteøl.
Ivrige bryggarar
Dei beste øla frå kvar klasse går vidare til ein finalerunde. I denne finalen blir tre øl premierte, på tvers av klassene. Vinnarane vert kunngjort ølfestivalen 18. juni.
- I fjor fekk vi inn både gode øl og mindre gode øl, men felles for alle bryggarane var at dei var ivrige etter å få tilbakemeldingar på kva som var bra og mindre bra med ølet sitt, slik at det kunne forbetrast til neste bryggerunde. I tillegg hadde mange "interne" konkurransar, anten mot naboen, kameraten eller innan familien, som kanskje var ein større inspirasjon enn vår kåring, smiler Skeie.
Påmeldinga har alt starta via Oseana sine heimesider.