Kvar kjem den nye skulen?
Politikarar og administrasjon er godt i gang med å finna aktuelle skuletomter for nye skule aust om elva, primært i Hegglandsdalen.
- Ei ny skuletomt aust om elva må me identifisera i 2016, sa prosjektsjef Tor Inge Døsen til politikarane nyleg.
Elevveksten på alle sentrumsskulane - Lunde, Kuventræ og Os skule -, gjer behovet for ein ny sentrumsskule presserande. Denne skulen har vore snakka om i mange år, og ei politisk/administrativ arbeidsgruppe er nedsett for å jobba spesifikt med saka.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Først var mandatet vårt utelukkande å vurdera ny skule aust om elva, kor stor han skal vera, kva tomter som kan vera aktuelle, og så vidare. Men sidan dette er så nært knytt til dei andre sentrumsskulane, vart mandatet vårt utvida til å gjelda også dei, seier Eirik André Hesthamar (Frp) som leier gruppa.
I det siste har gruppa hatt eit spesielt fokus på Lunde barneskule, som er den sentrumsskulen som sterkast treng utviding. Men denne utvidinga tek seg berre av behovet som alt i dag finst i området Lunde/Halhjem, og legg ikkje nokon dempar på behovet for ein ny sentrumsskule. I økonomiplanen som rådmannen nyleg la fram, har han planlagt at den nye skulen skal kosta 125 mill. kroner, og at skulen skal byggjast i 2019 og 2020.
Har sett på mange tomter
Tusenkronersspørsmålet no er kvar den nye skulen skal liggja.
- Me har aktuelle tomter som er "merka raudt" i arealplanen (dvs. til offentleg føremål), men så er spørsmålet om desse tomtene er sentrale nok i forhold til kvar me har hatt folkevekst, seier Eirik André Hesthamar.
- I arbeidsgruppa har me diskutert alt frå å utvida Os barneskule til ei tomt oppe ved Luranetunet til Bjånes-tomta til fleire tomter i Hegglandsdalen, seier Hesthamar.
Tomta Skinnfloren som ligg eit stykke inne i Hegglandsdalen, er truleg det minst konfliktfulle alternativet med tanke på landbruksinteresser, men spørsmålet er om plasseringa er god nok.
- Er tomta for langt inne i Hegglandsdalen til å fanga opp på innbyggjarane både i Nordmarka, i Hegglandsdalen samt det store byggjefeltet på Hjelle? spør Hesthamar, og får støtte frå plan og utviklingssjef i Os kommune, Aina Tjosås.
- Tomta er ganske undersolt og usentral. Så ein vurderer andre tomter også, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein har mellom anna sett på tomtealternativ i nærleiken av Lyssand-fabrikken.
- Dess meir sentralt, dess betre, i forhold til å ha ein fleksibilitet med tanke på sentrumsskulane, seier Hesthamar.
- Tomta som vert kalla Hjellemyra (mellom tidl. Bøe Lefsebakeri, Borgavegen og Borgafjell barnehage) var Frp/H sitt føretrekte alternativ i 2010. Er denne aktuell?
- Det er ei av dei som vert vurdert, men det er mange ting som speler inn. Kor stor tomta må vera for å romma ein skule er eitt, kor tomta ligg i forhold til vegar og kommunikasjon er eitt anna. Og for stort sett alle tomter i Hegglandsdalen kjem du borti landbruksinteresser, seier Tjosås.
Mogleg LNF-konflikt
Os kommune har hyrt inn ein konsulent som har sett på dei moglege lokaliseringane. Dei ulike alternativa vert vurderte ut frå kva behov for transport som vil oppstå, og kor mykje utbyggingsareal ein har til rådvelde på ulike tomter. Det er også teke ein første kontakt med fylkesmannen, sidan nokre av alternativa ligg på areal som ikkje er sett av til offentleg føremål.
- Beskjeden me har fått frå Fylkesmannen er at dersom me argumenterer godt, kan me få godkjent som skuleområde areal som i utgangspunktet ligg som LNF-område i dag, sa Terje Søviknes på budsjettkonferansen sist veke.
Dei mange kompliserte spørsmåla som ligg i saka, gjer at ein no vurderer å gjera saka til ein del av rulleringa av arealplanen.
- Det kjem an på kor fort me kjem i gang med arealplanen. Dersom rulleringa tek åtte år slik det gjorde sist gong, kan me ikkje venta så lenge. Då må me tenkja eit parallelt løp. Me må nok ha kome godt i gang med skuletomt-lokalisering i 2016, seier Aina Tjosås.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kva med Bjånes?
- På Bjånes kjem ifølgje planen 1.200 nye hus, og dermed mange nye skuleelevar. Blir ein ny skule der å sjå uavhengig av skulen aust om elva som det no er snakk om?
- Det er ting som me har til drøfting i arbeidsgruppa. Det kan tenkjast at dei første bustadene som kjem på Bjånes bør sokna til skulen me no snakkar om. Men det er sett av "raudt areal" i planen, og ein framtidig skule der blir styrt av utviklinga på Bjånes, seier Hesthamar.
- Slik bygda ser ut nett no er det ikkje tenleg å byggja på Bjånes, til det er det få born som bur der no, legg Tjosås til. - Så ein framtidig skule der vil koma i tillegg til den neste skulen aust om elva. Den gong då vil det først og fremst løysa eit internt behov på Bjånes, seier Tjosås.