Susanne Sundfør til Tysnesfest
Tysnesfest-leiinga ønskjer god jul til folket ved å sleppa nokre nye artistar til neste års festival. Ein av dei er Susanne Sundfør.
– Vi er utruleg stolte over endeleg å ha fått napp hos eit av Noregs største popnamn, Susanne Sundfør, skriv festivalleiinga i ei pressemelding.
I tillegg til Susanne Sundfør, slepp dei The Vossarebels, Gardsbruk og Miss Tati
Artikkelen held fram under annonsen.
Følgjande artistar er til no lansert til Tysnesfest 2018: Susanne Sundfør, Miss Tati, Bigbang, Adam Douglas, Gåte, Kari Bremnes, Gardsbruk og The Vossarebels.