Bente Bratlund fekk fram latteren når ho drog til med gode prompelyder.
Bente Bratlund fekk fram latteren når ho drog til med gode prompelyder.

Smakfull bokservering i ER-AN-bussen

Det vart prumping og elefant-moro for store og små då Bente Bratlund og Bjørn T. Bøe serverte barenbok-moro i "bokbussen" på ER-AN Veikro laurdag.

Ein debutant- og ein veteranforfattar inntok førarplassen i historias første boklansering i den amerikanske ER-AN-bussen laurdag ettermiddag. Bjørn T. Bøe presenterte sin første barnebok «Det er ein elefant i barnehagen», medan erfarne Bente Bratlund las frå si siste  av i alt - hold deg fast - 35 barnebøker.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Skapar-bord

At bokslutet fann plass i bussen på ER-AN er alt anna enn tilfeldig. Mannen som tok intitiativ til boklanseringa er nemleg det ein trygt kan kalla ein stamkunde på veikroen på Røykenes.

- Du veit, Vidar (Bratlund-Mæland) er her nær sagt kvar dag, og Bjørn T. Bøe har også vore her ein del. Så då tenkte me at i denne fine bussen ville det passa fint å laga til ein liten lesestund for born og vaksne, seier veikrosjefen sjølv, Linda Andersen.

Det å kunne kalla bussen for bokbuss, fengja ho skikkeleg.

Bjørn T. Bøe las og viste sine sjølvlaga teikningar frå boka «Det er ein elefant i barnehagen»
Bjørn T. Bøe las og viste sine sjølvlaga teikningar frå boka «Det er ein elefant i barnehagen»
Det var full buss då første "bokbuss-tur" nærma seg starten.
Det var full buss då første "bokbuss-tur" nærma seg starten.
Vidar Bratlund-Mæland og mor Bente vert sjølvsagt ønskt velkomne ved Vidars stambord på veikroen.
Vidar Bratlund-Mæland og mor Bente vert sjølvsagt ønskt velkomne ved Vidars stambord på veikroen.
Aron Eliassen (4) og tvillingsøstrene Silje og Signe Lothe Høvik hadde sikra seg plasser på første rad i lag med mødrene sine.
Aron Eliassen (4) og tvillingsøstrene Silje og Signe Lothe Høvik hadde sikra seg plasser på første rad i lag med mødrene sine.

- Eg hugsar godt då me var små og fekk vitjiing av bokbussen på Vinnes. Det var stort og noko me likte veldig godt. I så måte er dette litt nostalgisk for meg, smiler Andersen.

Vidar var sjølv på plass med stambordet sitt i god tid før bokstunda skulle starta.

- Du kan godt seia at dette er vår hyllest til ER-AN. Eg sit her jo veldig ofte og det gjer mor mi også - og Bjørn har faktisk skrive ein del av boka ved nett dette bordet, seier Vidar og slår demonstrativt med handa i hjørnebordet der han trivst så godt.

Mor Bente unna seg ein matbit før lesestunda.

- Eg er heilt einig i at me kan kalla dette ein ER-AN-hyllest, og ja, ein hyllest til det å skriva barnebøker. Eg er så glad på Bjørn sine vegner at han har fått gjeve ut boka si. Veit du at på Nynorsksenteret tilrår dei alle barnehagar i landet til å lesa frå denne boka på barnehagedagen i år, smiler Bente.

Artikkelen held fram under annonsen.

To fulle bussar

Med tida har ER-AN Veikro planar om å få seg ein amerikansk skulebuss til. Inn til den tid må arrangement som det dei hadde på laurdag "køyrast" i to omganger.

- Me ser no at med såpass mange som vil høyra på, så må me fylla bussen og køyra programmet to gonger. Det gjer me meir enn gjerne, seier Vidar, som for høvet tok på seg rolla som konferansier.

«Os og Fusaposten» fekk "sitja på" på første-turen. Bakover i bussen vart setene kjapt fyllt opp med småborn med og utan følgje av foreldre.

På borda vart det like kjapt fyllt opp med milkshake-glas, skålar med softis, pølse og pommes frites og anna snacks som er å bestilla frå rock'n'roll-menyen.

Høge lydar og lukt

Bentes siste bok slo an frå første stund. Få ting fengjar småbarn meir enn setningar som inneheld promp og fisedrønn.

Bente las med stor innleving og la så absolutt på litt ekstra pust i mikrofonen kvar gong ho simulerte prompelyden til prompe-guten i historia si.

Både born og vaksne humra godt over den fantastiske prompebroren til hovudpersonen i boka. At denne broren faktisk ikkje eksisterte, men berre var oppspinn frå den fortellerglade hovudpersonen spelte ingen rolle i denne bussen. Prompane kom på rekkje og rad, og etter kvart var det så ein kjente eimen sive bakover mellom stolradane. 

Enda høgare lyder

Då Bjørn T. Bøe sleppte til vart lyden frå høgtalaren om mogleg endå høgare, utan at dei minste såg ut til å bli særleg skvetne av den grunn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med historia om elefanten i barnehagen, eller om det verkeleg var ein elefant i barnehagen, fanga bokdebutant Bøe bornas blitt til fulle. Stille og forventningsfulle gløymde dei både is og milkshake og sat berre langt frampå stolen og venta på det neste..Bruuhh-hylet, som Bjørn på uforklarleg vis klarte å laga bak boka.

Svaret på om det verkeleg var ein elefant i barnehagen fekk me ikkje, men EIN elefant var det i alle høve i veikroen. Den fekk Bjørn overrekt av Linda Andersen på scenen etter første bokbuss-tur-sesansen. Denne elefanten var laga av krem- og konditorkyndige folk på kjøkenet. Det var sjølvsagt ein elefant-kake.