Visualiserte målet før ekstraomgangane
Blant mange trøytte spelarar sa Ståle Steen Sæthre klart i frå at han kom til å skåra i ekstraomgangen. Fem minutt etter sette han inn 2-3-målet for Lysekloster og avgjorde på mange måter cup-kampen.
Som seg hør og bør vart det ein svært så fengjande cupthriller på Kuventær onsdag kveld. Lenge såg det ut til at andreomgangen skulle renna ut utan skåringar, men Os's beste spelar, Marius Mikkelsen, ville det anleis. På ein retur etter eit skot frå Knut Spanglo Haga vart det ville tendensar i Lysekloster-forsvaret, før Mikkelsen etter litt klabb og babb fekk breisida inn 2-2-målet og sikra ekstraomgangar i førsterunde-cup-kampen.
Sterk gul-svart omgang
Der og då var det mange blant dei vel 1.000 frammøtte som såg for seg gul-svart siger denn kvelden. Os hadde nett produsert ein andreomgang det nær sagt lukta svidd av. Det einaste dei ikkje klarte, inntil Mikkelsen til slutt lukkast, var å få ballen i nettet bak Lysekloster-keeper, Chris Sunde Midtun.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me vart pressa bakpå, og til dels var det bevisst for å unngå bakrom, men det var sjølvsagt utruleg surt å få den utlikninga heilt på tampen. Den burde me ha unngått, seier Lysekloster-trenar Thomas Sandal.
Assisten-trenar for Os, Ørjan Håland, meinte Kuventræ-gutane fekk fortent løn for godt spel og hardt arbeid.
- Det skal løna seg å spela angrepsfotball. Den 2-2-utlikninga var fortent, konstaterte han.
Slitne bein
Dei gul-svarte fekk ein strålande start på kampen då ringreven Stian Lunde plukka opp ein litt svak retur frå Lysekloster-keeper Midtun og sette inn 1-0 alt i det femte minutt. Men knappe minuttet etter var laga likt. Då hadde Lysekloster-kaptein Baste Jonassen elegant stuphedda inn eit innlegg frå Zhubi Petrit.
I det 39. minutt tok Lysekloster leiinga. Målet kom etter eit strålande soloraid av svenske-importen Petrit som banka ballen i nett-taket frå skrått hald.
2-1 stod seg til pause.
- Eg meiner laga hadde kvar si omgang. Me var best i første, medan Os hadde best taket på kampen i andre, oppsummerer Thomas Sandal den ordinære speletida.
I ekstraomgangen syntest han at hans eiga lag var hakket betre.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me stod distansen betre ut. Det var mange spelarar som var slitne utpå der, men eg trur Os tok seg litt for mykje ut mot slutten av ordinær tid, seier trenar Sandal.
Han tok sin første Os-skalp som Lysekloster-spelar/trenar.
- Det var godt. Eg har møtt dei tre gongar og aldri vunnet. Det var på tide, ler han.
Nøgd trass alt
Os hadde ikkje så mykje meir å gje etter at Ståle Steen Sæthre i det femte minutt av første ekstraomgang gjorde som han hadde sagt i pausen.
- Eg rota ballen med meg like framfor 16-metaren, men såg jo målet for meg. Eg hadde visualisert det. Det var berre å fyra skotet inn, humra Sæthre etter kampen.
Sæthre feira målet med salto.
Trass i god støtte frå heimefansen såg det ut til at Os-spelarane mista litt av trua etter nettsusaren frå kantspelaren til Lysekloster.
Sæthre og Lysekloster fekk derimot ein liten boost.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er klart me var slitne me også. Eg har knapt vore meir sliten, men etter å ha sett inn det målet fekk både eg og lagkameratane litt ekstra krefter, gliser fusingen Sæthre.
Då innbytar Thomas Helland fem minutt før slutt raida inn 2-4-målet var kampen i realiteten avgjort.
- Det var godt å slå Os. Dette har fansen vår fortent, sa Sæthre og vinka til den kvit-blåe skaren.
Osingane var slått, men ikkje slagen.
- Eg er veldig nøgd med innsatsen og gjennomføringa til gutane våre i denne kampen. Me spelte knallbra gav god underhaldning og var svært nære ved å slå Lysekloster. Dette laget har ein stor framtid, og me kjem sterkare tilbake, konkluderte Håland.
Laurdag har både Lysekloster og Os sin første seriekamp heime for sesongen.
Kampfakta
Os - Lysekloster 2-4 (1-2)
Artikkelen held fram under annonsen.
Første runde i cupen
Plass: Kuventræ
Tilskodarar: Kring 1.000
Startellevaren til Os: Andrew Todd - Håkon Fagerbakke Kvittingen, Adrian Kallekleiv Valle, Torkel Hjertnes, Knut Spanglo Haga - Torgeir Lunde, Erik Kanestrøm - Emil Halver, Marius Mikkelsen, Øystein Takle Eide - Stian Lunde.
Startellevaren til Lysekloster: Chris Sunde Midtun - Ola Sjømæling, Ivkovic Gojko, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen - Espen Birkeland, Baste Jonassen, Sindre Hitland Flaa - Zhubi Petrit, Christer Olsen, Ståle Steen Sæthre.