Feira modig 25-åring
- Du er ein modig 25-åring, sa rektor Maylin Torgilstveit på Fusa ungdomsskule i si helsing til Fusa vidaregåande skule på då jubileet vart markert onsdag.
Skulefrukosten hadde blitt utsett til lunsjtider så alle fekk med seg markeringa. Spesielt innbydde gjester fekk seg ein rundtur på bygget med presentasjon og informasjon om dei ulike tilboda skulen har.
Musikal og dikt
Sjølve markering gjekk føre seg i gymsalen, med Mette Holmefjord Olsen som ordstyrar. Her fekk ein ein smakebit frå VG2-elevaneseigenproduserte musikal«Jakten på det gjenglemte».
Artikkelen held fram under annonsen.
Anna Epland hadde vunne ein tekstkonkurranse med diktet «Her er min skule», som også vart framførd.
- Her finn me lukka i kvarandre, var ein av strofene der i frå.
Sogeskrift
Hans Ekeberg var ein av gjestene som mellom anna meinte at det var mykje trivnad og heimslege forhold å sjå under rundturen på bygget. Ekeberg hadde site i nemnda som hadde forfatta eit sogeskrift i høve åremålet.
Her hadde Ekeberg, Harald Hjartåker, Jan Solvang, Gunnar Veland, Atle Kvåle og Mette Holmefjord Olsen hatt mykje god jobb. Ein detalj derifrå var uttrykket "å sliska til" (å få det til) frå Annbjørg Laupsa sine dagar som rektor. Uttrykket hadde no gått inn i det fylkeskommunale språket.
Solveig Birkeland Aarra og Thea Christine Helle framførte så «Me & Bobby McGee».
Topp 10 i VG
Annbjørg Laupsa var representant for skuleeigaren Hordaland fylkeskommune.
- Det er ein fryd og ei glede å få vera med å feira 25 GODE år, sa Laupsa.
Ho takka Knut Skaathun for arbeidet med å få skulen etablert, og framheva den gode framgangen år for år - frå tida dei var stua saman på Lambaneset til den nye tida på Leiro. Skulen hadde elevar som bryr seg og tilsette som ikkje sparer seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg hugsar når Fusa var på topp 10 i VG si kåring av dei beste skulane i landet, sa Laupsa.
Ho overrekte ein gåvesjekk på tusen kroner for kvart år skulen hadde eksistert.
Gjensidig nytte
Dagleg leiar i Bolaks AS, Bjørg Holmefjord Antonsen, var stolt over å ha vore med på å laga ei spire til den skulen som er i dag. Fusa vidaregåande skule har vore viktig for oppdrettsnæringa, og her er det eit gjensidig nytteforhold.
- Utan kunnskap taper me også, sa Holmefjord Antonsen.
Harald Bjørndal sa nokre ord på vegner av huseigaren. Det hadde berre vore kjekt å gå rundt og det hadde vore smil heile vegen.
- På eit kontor var det rett nok eit lys som slo seg av litt for fort når nokon sat i ro, men eg trur ikkje det er det store problemet, smilte Bjørndal.
Fusa vidaregåande fekk ei målt skål laga av Anne Hesvik.
Ein stor rikdom
Brynjulv Hernes var bestefar til ei jente som no gjekk på skulen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dåverande ordførar Gitle Havsgård med fleire såg for seg at Leiro kunne bli eit areal der ein kunne utvikla tilbodet i Fusa kommune vidare, sjølv om motstanden frå byråkratar i miljødepartementet var stor. Det er vel ingen i dag som ikkje ser dette som ein stor rikdom, sa Hernes.
Han nemnde vidare fusingen og fylkesskulesjefen Gunnar Dale som stod på for opprettinga av skulen.
Tidlegare fylkesordførar Magnar Lyssand fekk, som han sa, inspirasjonen over seg til å ta ordet. Han nemnde Skaathun og ordførar Hans Berge som tidleg og seint låg på luren i oppstarten, og det kunne kanskje bli i meste laget.
- Skulen er blitt eit vakkert tuntre med god og velsmakande frukt. Eg er glad for at eg fekk vera med på dette. Å flytta folk til der kunnskapen er, det er god samfunnspolitikk. Eg er ikkje sikker på om dette ligg lengst framme i skallen på dei som har hatt fleirtalet i fylkestinget dei siste åra, sa Lyssand, og var glad for at det ikkje var høve til replikk frå salen.
Sentimentalt tilbakeblikk
Tidlegare ordførar Hans Berge vart litt sentimental der han stod og tok eit tilbakeblikk. Frank Mohn Fusa hadde kome til kommunen i 1976, og i 1996 hadde nesten eit samla fylkesting gått inn for vidaregåande skule i Fusa.
- Dette er noko av det største eg har vore med på, sa Berge og fekk applaus både to og tre gonger frå salen.
- Og kjem det skjer i sjøen, er det berre å melda frå, avslutta gamleordføraren.
Arbeidsleiar Arve Skåtun frå Framo Fusa AS (som det no heiter) framheva det gode samarbeidet mellom Fusa vidaregåande skule og bedrifta. I 2001 hadde det teke av då dei fekk TAFF-undervisning på skulen. I år hadde dei ny rekord med elevar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg vil takka for dei 25 åra som er gått, og ønskjer til lukke med dei neste 25 åra, sa Skåtun.
Fin i tøyet
Avtroppande ordførar i Samnanger Marit Aksnes Aase hadde kome til skulen frå jobb på sjukeheim for å utdanna fleire sjukepleiarar. Ho var den siste som dåverande rektor Knut Skaathun hadde tilsett før han vart pensjonist.
- Eg opplevde å bli verdsett. Dette har løfta meg som menneke, sa Aksnes Aase.
Maylin Torgilstveit frå Fusa ungdomsskule var ein av dei siste som var med på denne talestafetten. Ho hadde også vore tidlegare tilsett.
- Fusa vidaregåande: Du er fin i tøyet, du er modig, her er det rom for kreativitet, sa Torgilstveit mellom anna.
Ho gav også som seg hør og bør blomar, men viktigast var eit lys som Siriann Vestbø kunne ha i resepsjonen. Det var alltid eit hyggeleg møte.
Sistemann ut var representant for elevrådet Ole Jørgen Olsen.
- Eg vil takka for at me fekk vera med på feiringa av skulen vår, og for at me har fått visa kva me held på med, avslutta Olsen.