Purra på merking av Raudholmane
I august i fjor mista ein mann livet etter at båten han sat i krasja i Raudholmane. I september spelte Emil Tetlie Brimsholm inn til tenesteutvalet at ein bør merka Raudholmane betre for å unngå slike ulukker. Onsdag etterlyste han svar i utvalet.
- Vi hadde nyleg ei tragisk dødsulukke på Raudholmane. Eg og Os Høgre ønskjer merking og opplysing, og har eit konkret forslag. Vi vil merka to løp, vestre og austre lei inn til Os. Om vi skal marknadsføra oss som ein av Hordalands beste og mest attraktive båtplassar, så bør vi fiksa på dette, kommenterte Brimsholm i tenesteutvalet onsdag.
Har sendt brev til Kystverket
Kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap, Nils-Petter Borge, orsaka at han ikkje hadde teke saka vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Hamn og innsegling er ikkje det eg steller mest med i kvardagen som kommunalsjef. Innspela dine er no tekne med i eit brev til Kystverket. Vi skal følgja saka opp vidare. Eg skal melda tilbake til utvalet når eg har fått svar, kommenterte Borge.
Ønskjer drahjelp frå kommunen
Brimsholm seier til Os og Fusaposten at han kunne teke denne saka vidare, men at han ønskte drahjelp frå kommunen.
- Sjansen for å bli høyrd er mykje større gjennom kommunen, poengterte han.