Dyrebar butikkopning i sentrum
I kampen for liv på Øyro må Os Dyrebutikk helsast hjarteleg velkomen til Os sentrum.
Klokka 12.00 fredag opna Os Dyrebutikk dørene til sin nye butikk i dei gamle Rosvold Sport-lokala på Osøyro. Gamle og nye kundar vart helst velkomne med kake, frukt og smågodt.
- Dette er noko eg har sett veldig fram til. Det blir ein heilt ny kvardag å driva butikk her i sentrum. Eg håpar verkeleg folk finn vegen, seier dagleg leiar Monica Sagen Jensen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I lag med veninna Veronica Wilhelmsen hadde ho køyrt utallege turar at og fram for å få flytta varene frå dei gamle lokala i Amfi Os.
- Me har spart litt på å klara oss sjølve, men eg ser ikkje bort frå at me har køyrt hundre turar, humrar Veronica.
Meir flate, meir utstyr
I dei gamle lokala hadde Os Dyrebutikk i underkant av 100 kvadratmeter. I dei gamle Rosvold-lokala får dei nesten 250 kvm til å boltra seg på.
- Det har vore veldig kjekt å plassera ut varar og utstyr. Det vert liksom aldri for trongt, seier Monica.
Ho reknar med at ho kan ta inn langt meir utstyr i tida framover.
- I første rekkje startar me å selja hesteutstyr. Det vert me ganske åleina om her på desse kantar, seier den daglege leiaren.
Må handla lokalt
Når det kjem til arbeidsstokken, vert den i utgangspunktet ganske så lik.
- Inkludert meg er me fem tilsette. Slik det ser ut no, held me fram slik, men går det veldig bra, får eg vurdera det, seier Monica.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho kjem til å vera heilt utanom det vanlege når det kjem til opningstidar.
- Me skal oppretthalda opningstidane me hadde i Amfi Os. Det vil seia at me har ope til 20 i kvardagen og til 18 i helgane. Det vert eg nok litt åleine om her i sentrum, seier Monica.
- Men no er det opp til osingane og støtta oppunder og visa Monica at dei set pris på tilbodet. Dersom folk ønskjer dyrebutikk, eller andre butikkar i sentrum, så må dei finna vegen og handla lokalt. Der har me alle eit samfunnsansvar. Me seier jo alle at me ønskjer liv på øyro. Då må dei støtta Monica og andre som held liv i sentrum, veninne Veronica.