1. april tek Elin Bryn Thorsen til i stillinga som næringssjef i Os kommune.
1. april tek Elin Bryn Thorsen til i stillinga som næringssjef i Os kommune.

Sjå kven den nye næringssjefen er

Os kommune har tilsett ny næringssjef.

Os kommune har tilsett Elin Bryn Thorsen (29) som ny næringssjef, går det fram av kommunen si nettside.

Bryn Thorsen har ein mastergrad i entreprenørskap og innovasjon fra NTNU, og kjem frå stillinga som fagansvarleg for høgare utdanning i Ungt Entreprenørskap Telemark. Ho tek til i stillinga 1. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi mottok heile 24 søknader då stillinga vart lyst ut i haust, og vi har vore gjennom ein grundig tilsettingsprosess med fleire gode kandidatar. Bryn Thorsen har, trass i sin unge alder, både dei faglege og personlege kvalifikasjonane vi søkte, og det skal bli spennande å få ho med på laget, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Potensialet er stort

– Dette er ei stor og spennande utfordring, og eg ser verkeleg fram til å ta del i utviklinga av næringslivet i Os og etter kvart Bjørnafjorden kommune. Os er ein av Noregs mest dynamiske kommunar, og framtidsutsiktene er gode med både ny E39 Os-Bergen, Lyseparken og utviklinga av regionsenteret Osøyro, seier Bryn Thorsen.

I tillegg til å vidareføre det arbeidet som tidlegare næringssjef, Daniel Skotheim, la ned, ser den nye næringssjefen føre seg to hovudfokus framover.

– For det første må vi leggja til rette for innovasjon og vekst i det eksisterande næringslivet, til dømes i samband med arealsaker og bruk av det offentlege verkemiddelapparatet, som Innovasjon Norge, Forskingsrådet og Skattefunn. Det andre fokusområdet vert å trekkja nye verksemder til Os, både til Lyseparken, Osøyro og resten av kommunen. Potensialet er stort, meiner Bryn Thorsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no