Glad i å jobbe med menneske
Etter tre år på skulebenken, har fusingen Kjartan Svendsen (24) endeleg fått papira på at han er politibetjent. I sommar jobbar han i heimkommunen sin.
- Eg har alltid hatt lyst til å bli politi. Eg er glad i å jobbe med menneske, seier han.
Sjølv om han er nyutdanna, har han erfaring med å jobba som politibetjent. Svendsen har hatt praksisperiode i Fana, og jobba som politibetjent på Flesland, i tillegg til sommarjobb i Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Korleis er det å vera politi i Fusa?
- Det er andre arbeidsoppgåver enn på Flesland, som til dømes etterforsking. Det er òg ein meir variert kvardag, noko eg trivst godt med, seier han.
Som politi i sin eigen heimkommune, kan i teorien Svendsen koma i situasjonar kor han må irettesetja, eller ta hand om familie og venar.
- Eg trur ikkje det vert eit problem. Eg kjem til å behandla alle likt, og eg trur at venane mine forstår at har eit ansvar som politi, og at eg må gjera jobben min, seier han.
- Gode på førebygging
Denne perioden som politibetjent i Fusa og Tysnes starta i juni, og varar ut august. Kvar vegen går vidare er han usikker på, men om han får tilbod om jobb i Fusa kjem han til å takka ja til det.
- Eg trivst god her. Det er eit godt arbeidsmiljø på Fusa, seier han.
Det er ikkje ofte Fusa-politiet har mykje å melda om når lokalavisa ringjer og spør etter "lensmannsnotisar". Det har Svendsen ei god forklaring på.
- Det er fordi me er så gode på førebygging, smiler han.