Bankranaren, Botnahytta og andre krigshistorier
Kring leirbålet utanfor Botnahytta utveksla kanadiarane og nordmennene historier frå krigens dagar.
Sist veke markerte etterkomarane av dei kanadiske flygarane som styrta i Os under andre verdskrigen, at Botnahytta no er ferdig restaurert.
- Me har vore ein heil gjeng som har stått bak renoveringa av hytta. Me har sett oss inn i den tradisjonelle lafteteknikken som hytta er bygt i, og den kan visst sporast til 1600-talet, sa Bjarne Øvredal til rundt 50 frammøtte gjester frå inn- og utland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Unik krigshistorie
Til stades var også ordførar i Samnanger, Marit Aase, som gledde seg over at kulturskatten no var sett i god stand.
- Det er viktig å halda ein så viktig historisk stad i hevd. No kan me stolte visa fram denne plassen til både skuleklassar og andre besøkjande, sa ho.
- Det landet som ikkje hugsar fortida si, har ikkje noko framtid, supplerte Øvredal, noko som var eit sitat frå Samnanger kommune sin kulturplan.
- Flyet som styrta på Haugland i 1944 var det einaste flyet me kjenner til som styrta i fiendtleg territorium der samtlege overlevde, sa Arnfinn Haga, som har skrive bok om hendinga. Han overleverte signerte eksemplar av boka si til dei kanadiske gjestene.
Etterkomarar av Kenneth Graham, Clayton Pashka og kona Amanda Colgan, besøkte "Little Canada" for første gong.
- Dette er ein viktig del av vår familiehistorie. Etter å ha høyrt mykje heime, og lese meg opp på kva som skjedde, har det vorte viktig for meg å besøkja Os, Samnanger og "Little Canada" for å sjå kvar det skjedde med eigne auge, sa Clayton Pashka.
Dei eigentlege heltane
Frå Canada kom også Stephen Deeth, son av andrepiloten på flyet, dottera Emily og kona hans Beverly.
- Far min snakka aldri om det som skjedde. Først den veka han låg for døden tok han til å fortelja. Eg fekk vita meir den veka enn dei 50 åra før. Han kalla nordmennene som redda han og dei andre flygarane for dei eigentlege krigsheltane, sa Deeth. Han undra seg elles over kor lita hytta var, som i to veker romma dei seks flygarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etterkomarar av dei som organiserte redningsoperasjonen i 1944 hadde møtt opp i stort tal. Ein av dei høgast verdsette gjestene, som fekk applaus ved sitt blotte nærvær, var veteranen Sverre Sivertsen.
- Han er den einaste i blant oss som kan seia at han har vore med på eit bankran, sa Bjarne Øvredal.
Under krigens sluttfase deltok Øvredals far, Haldor Øvredal, og Sivertsen - i beste Robin Hood-stil - på bankran i bergensregionen, for å stela frå dei rike og gje til dei fattige.
- Føremålet var å skaffa sårt tiltrengte midlar til kvinner, born og eldre som hadde mista forsørgjarane sine. Mennene som deltok i motstandsarbeidet låg i dekning, eller så var dei arresterte. Nokre vart også deporterte til konsentrasjonsleirar på kontinentet eller avretta, forklarte Ole-Jacob Abraham. Os-forfattaren er bokaktuell med bok om Saborg, sabotasjeorganisasjonen i bergensområdet.
Hauges søner fortalde
Til stades var også sønene og dotter til Magnus Hauge, ein annan av krigsheltane frå Os. Han var aktiv i MILORG og dessutan hemmeleg agent i XU, den norske etterretningstenesta (X for ukjent, U for "Under cover").
- Far sa aldri noko frå det som skjedde. Ein gong spurde me rett ut. Då sa han: "Det de ikkje veit, har de ikkje vondt av", sa Paul Ole Hauge.
Magnus hadde også lova å halda tett om alt om XU i 40 år. Først i 1985 tok far deira til å letta litt på sløret.
- Far min hadde jobba to år i Frankrike i lag med tyskarar, og der lærte han seg tysk. Det var nyttig for ein organisasjon som XU, sa Mons Christian Hauge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Magnus Hauge var også involvert i redningsaksjonen som sørgde for at kanadiarane kom seg trygt til Botnahytta. Og ikkje lenger etter at kanadiarane var trygt transportert tilbake til England ved hjelp av båten til Shetlands-Larsen, vart Magnus Hauge og fleire andre osingar tekne av tyskarane. Hauge vart både torturert og dømt til døden av tyskarane, men vart redda av freden.
- Ta vare på historiane
Etter at mange historier frå krigens dagar var fortalt kring leirbålet utanfor Botnahytta, var Clayton Pashka si oppsummering treffande.
- Eg trur det er viktig å ta vara på desse historiene for framtidige generasjonar. Det seier mykje om kva forfedrane våre stod for, og som me bør vidareføra, sa han.
? Hytta vart skjulestaden for dei seks kanadiske flygarane som styrta i Os under andre verdskrigen
? Fekk kallenamnet "Little Canada"
? Bygt i 1940/41 av Fredrik Øvredal
? Vart brukt som skjulestad for Milorg og Saborg frå 1942 til 1945
? I dag eigt av Fredrik sin son, Finn Øvredal og to søsken. I lag med Bjarne Øvredal (son av Haldor), har han gått i bresjen for å setja hytta i god stand att