einingsleiar Terje Raunsgard (fotograf), Anne Martinsen og Gustav Folkestad. På biletet deltek også Asbjørn Heidal og Roald Samnøy.
einingsleiar Terje Raunsgard (fotograf), Anne Martinsen og Gustav Folkestad. På biletet deltek også Asbjørn Heidal og Roald Samnøy.

Over og ut for halve kommunestyret

I går tok meir enn halvparten av kommunestyrerepresentantene i Fusa farvel med politikken. Det siste kommunestyremøtet for denne perioden fann stad på Fusa ungdomsskule, som fyller 50 år i år.

Hans S. Vindenes (Sp), Marianne Borge (Sp), Øyvind Nordbø (Sp), Haldor Tuft (Sp), Gunnar Hansen (Frp), Steinar Skår (H), Steinar Berland (H), Birgitte H. O. Skibenes (SV), Anne Martinsen (KrF), Asbjørn Heidal (KrF) og Stina Kvåle Bergesen (KrF) er ikkje lenger del av det politiske kartet når det nye kommunestyret møtast for første gong neste torsdag.

I går nytta ordførar gjennom 12 år, Hans S. Vindenes, varaordførar Atle Kvåle og leiar i Utval for plan og miljø, Anne Martinsen, alle høvet til å takka for godt samarbeid før dei siste sakene vart banka gjennom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant dei viktigaste sakene på agendaen, var kommuneplanens arealdel. Etter litt fram og tilbake vart representantene samde om å eigengodkjenna planen.

- Arealplanen er den viktigaste saka dette kommunestyret har hatt, sa Vindenes.

Fusa ungdomsskule 50 år

Før møtet starta tok rektor ved Fusa ungdomsskule, Maylin Torgilstveit, kommunestyrerepresentantane med på ei omvising på skulen. Skulen vart opna i 1965, og er 50 år i år.

Storparten av kommunestyrerepresentantane har vore elevar ved Fusa ungdomsskule. Før møtet starta, var det guida tur på skulen med rektor Maylin Torgilstveit (i midten).
Storparten av kommunestyrerepresentantane har vore elevar ved Fusa ungdomsskule. Før møtet starta, var det guida tur på skulen med rektor Maylin Torgilstveit (i midten).

Det vart mykje mimring langs ruta. Storparten av representantane har sjølv vore elevar ved skulen.

- Eg og Atle var blant dei første som gjekk her, fortalde Vindenes.