God gamaldags jul på Kuven Gard
Tradisjon tru inviterer Olav Botnevik og familien til juletrehogst på Kuven Gard.
- Du kan godt kalla det god, gamaldags jul, ja, smiler Botnevik.
Juletrehogsten på familiens grunn på Kuven er blitt ein tradisjon. Det tek til å nærma seg ti-års-jubileum for familiehelga på garden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Programmet har berre balla på seg med åra.
- Nytt for året er at dei som vil, kan få lov til å ri. Stallen og fjøset er ope som vanleg. Dette er noko borna set stor pris på, seier Botnevik.
Familiedag i skogen
I sentrum i helga står juletrehogst, men det er ikkje alle familiane som kjem for å hogga sitt eige tre.
- For nokre opplevast det kanskje som litt styr å få med seg treet heim. Det er nok ikkje den mest lettvinne måten, så det er ein del som kjem berre for atmosfæren og for å få ein koseleg familiedag i skogen. Men tilbodet er der for dei som ønskjer å hogga sitt eige tre, og gjera det på "gamle-måten", smiler Botnevik.
Omfattande marknadsføring av plasttre
Kanskje er det nokre av familiane som skal bruka treet dei brukte i fjor, og året før der. Plasttre verkar å vera i vinden, og bonden meiner det er urovekkjande at marknadsføringa av plasttre er så omfattande.
- Dei lokale juletre-forhandlarane marknadsfører seg ikkje, bortsett frå Plantasjen. Plasttre vert marknadsført temmeleg kraftig. Det er nok medverkande til at fleire kanskje vel å byta til plasttre, seier Botnevik, som meiner juletradisjonane er i ferd med å bli forandra med juletre av plastikk.
- Hos oss skal juletreet opp lillejulaftan. Då startar jula. No kan det verka som at fleire vel å setja opp treet i starten av desember. Då er det ikkje eit juletre, men meir eit adventstre, spør du meg, seier Botnevik og legg til:
- Det er litt rart at ein kan skryta av sitt fine naturtru plasttre, men det er ingen som skryter av kunstige blomar, eller dei nye, flotte plastkransane. For der skal ein framleis ha ekte vare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen nedgang i sal av ekte tre
Sjølv om det kan verke som at plasttrea er "in", merker ikkje styreleiar i bransjeorganisasjonen Norsk Juletre, Bjørn Helge Bjørnstad, noko nedgang i salet av ekte tre.
- Vårt inntrykk er at salet er veldig stabilt. Me har ikkje hattnedgang på grunn av plasttre, seier han til NTB.
Han meiner at det kunstige juletreets inntog i norske heimar er hausa opp.
- Me registrerer at det har vore ein jamn auke i salet plasttre, men sidan det ikkje går utover vårt sal, trur eg dette dreier seg om at folk har fleire juletre i fleire rom eller ute, seier han.
Treet kjem opp tidlegare enn før
Bjørnstad seier som Botnevik, at det er fleire som vel å setja opp treet tidlegare i advent. Men det er ikkje berre plasttrea som kjem opp tidleg. Det gjer også ekte tre.
- Me startar salet i starten av desember. Men 75-85 prosent av salet er framleis i veka før jul. Med julaftan torsdag, veit me av erfaring at det travlaste tresalet blir helga før, seier han til NTB.