Velta i rundkøyring
Søndag i 20-tida fekk politiet i Os melding om at to ungdomar hadde velta på ein minibuggy i rundkøyringa ved Uno X.
Det var ingen andre bilar involvert i trafikkuhellet. Det er heller ikkje mistanke om promillekøyring, opplyser fungerande lensmann ved Os lensmannskontor, Anne Lyssand.
– Den eine personen slo armen sin i uhellet, og vart for sikkerheits skuld henta og sjekka av ambulanse. Personane som sat i minibuggyen var fødde i 2000 begge to, opplyser Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Forutan trafikkuhellet fortel lensmannen at det har vore roleg.
– Patruljen har vore ute og vist seg litt. Det er førebygging i seg sjølv, fortel ho.
camilla.kvamme@osogfusa.no