Fann kvitt pulver hos mann som framstod som rusa
I 19-tida onsdag oppsøkte politiet ei adresse i Os, der dei fann ein mann i 30-åra som framstod som rusa.
– Vi ransaka bustaden og fann mindre mengde kvitt pulver. Mannen er meldt for bruk og besittelse, seier politiførstebetjent, Audun Hadler-Olsen.
Litt seinare same kveld, i 21-tida, trefte politiet ein mann og ei kvinne i starten av 20-åra i Os sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Politiet mistenkte narkotika-bruk, og ransaka dei to. Begge hadde hasj på seg. Dei to er også meldt for bruk og besittelse, seier Hadler-Olsen.
– Fekk de tips om desse to?
– Nei, det var patruljen som trefte på dei. Politiet les situasjonen, og nyttar erfaringa til å finna ut kva dette kan vera for noko.